Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:168 (2022-2023)
Innlevert: 19.10.2022
Sendt: 19.10.2022
Besvart: 27.10.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren vise til kor mange prosjektering/planleggings stillingar som er planlagt kutta i Statene vegvesen region midt, no når store prioriterte samferdselsprosjekt vert kutta som sjølvsagt medfører at prosjekt lenger bak og gigant sløseriprosjekt slik som Møreaksen blir skubba ut i øydemarka?

Begrunnelse

Regjeringa har gjennomført betydelege kutt innan vegbygging i sitt framlegg til statsbudsjett for 2023. Heile 6 store prosjekt er stroke frå tidligare vedteken oppstart, og skubba ut i kulden.
Dette gjelder,

- E6 Megården-Mørsvikbotn i Nordland
-E16 Hylland-Slæen i Vestfold
-Fellesprosjekt Vossebana/E16 Arna-Stanghelle i Vestland
-E-134 Røldal- Seljestad i Vestland
-E-134 Saggrenda-Elgsjø i Viken
E-134 Oslofjordforbindelsen, fase to i Viken

Dette er prosjekt til mange titals milliard kr, som blir utsatt og sett på vent. Konsekvensen av dette blir sjølvsagt at andre prosjekt lenger ned på prioriteringslista rasar nedover i både tid og penger, og realismen for gjennomføring minkar.
Samferdselministeren har hevda at tidligare NTP ikkje er realistisk og at prosjekt må ut av portefølgen og muligens skrinleggast.
Vi registrerar at samferdselsministeren stoppar store og heilt nødvendig infrastrukturbygging her i landet, i svært viktige transportkoridorar som næringslivet og folk flest er heilt avhengige av.
At ein samtidig opplever at den same samferdselsministeren ikkje nevner med eit ord det famøse gigant sløseripsosjektet som folket ikkje vil ha, Møreaksen til mange titals milliard kr.
"det er aldri så gale at det ikkje er godt for noko"
Eit uttrykk som kan brukast i denne samanheng, der regjeringa sin politikk sjølvsagt medfører at gigant sløseriprosjekt slik som Møreaksen såleis er historie og er totalt skubba langt ned i ei skuff og er på svært god veg til makuleringsmaskina. Dette medfører sjølvsagt like klart at ant byråkratar i Statens vegvesen som har drevet med diverse arbeid ikring Møreaksen, ikkje på nokon måte kan ha midlar til dette.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Nasjonal transportplan 2022-2033, med mål, økonomiske rammer og portefølje av utbyggingsprosjekt, har vore utgangspunkt for Statens vegvesen sin planleggingsaktivitet. Regjeringa har nå signalisert at det vil vere mindre rom for vekst i samferdselsløyvingar dei nærmaste åra, og at det dermed ikkje er rom for den veksten som ligg til grunn i Nasjonal transportplan 2022-2033. Statens vegvesen må tilpasse sin planleggingsaktivitet til dei økonomiske rammene i budsjettåret, men også til venta økonomiske rammer i åra framover.
Innanfor ramma til investeringar er det Statens vegvesen som vurderer behovet for midlar til pågåande planarbeid gjennom året. I Prop. 1 S er det bare oppgitt midlar til planlegging dersom anslag for desse utgifta er over 25 mill. kr.
Når endeleg budsjett er vedteken, må Statens vegvesen sjå på sin bemanning knytt til rolla som byggherre. Framover må Statens vegvesen sikre at etaten har kritisk kompetanse samstundes som etaten er dimensjonert rett for oppgåvene dei komande åra. Intern fleksibilitet i bemanning er avgjerande, både organisatorisk og geografisk. Statens vegvesen er ein stor etat med mange oppgåver og budsjettforslaget vil bety at Statens vegvesen må gjere endringar i prosjektorganisasjonar. Akkurat kvar og korleis dette vil skje er for tidleg å seie noko om.