Skriftlig spørsmål fra Cato Brunvand Ellingsen (SV) til finansministeren

Dokument nr. 15:178 (2022-2023)
Innlevert: 20.10.2022
Sendt: 21.10.2022
Rette vedkommende: Kommunal- og distriktsministeren
Besvart: 03.11.2022 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Cato Brunvand Ellingsen (SV)

Spørsmål

Cato Brunvand Ellingsen (SV): Hva gjør regjeringen for å sikre at personer som ikke har BankID ikke blir diskriminert og at de har tilgang på tjenester på lik linje med andre?

Begrunnelse

Mange personer med utviklingshemming har ikke BankID. Dette innebærer at de ikke har tilgang på en rekke tjenester som andre har. I siste episode BRA Nytt, TV Bra sitt nyhetsprogram hvor også finansministeren er intervjuet, blir problemstillingen med manglende BankID synliggjort (https://www.tvbra.no/player/sendinger-var-2021/stream/5013b61ad2ead95702be895e85eb6684). Manglende BankID hindrer mange å leve liv på lik linje med andre. I følge programmet så jobber Finans Norge med ulike teorier til løsning, men en kan forvente at også finansdepartementet arbeider aktivt med aktuelle løsninger for å hindre diskriminering og fremme deltakelse.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Svar:
Det norske samfunnet vert stadig meir digitalisert. For svært mange gjev dette ein enklare og betre kvardag. Samstundes er det viktig med gode løysingar for alle. Med digitaliseringa av samfunnet kjem det også eit ansvar for at alle kan ta del i moglegheitene det gir og for gode alternativ for dei som ynskjer og har behov for det, og for dei som til dømes ikkje har BankID.
Sjølv om Noreg er eit av dei mest digitaliserte landa i verda, er det likevel mange som finn det krevjande å nytte digitale tenester. Anslagsvis 600 000 i Noreg har det ein omtalar som låg digital kompetanse. Alle har krav på å kunne nytte offentlege tenester. Desse skal også få ta del i samfunnet på lik linje som alle andre. For mange som slit med å bruke digitale løysingar kan dei kommunale Digihjelp-tilboda og ideelle tiltak som Seniornett ha stor betydning. Samstundes skal dei som ynskjer framleis kunne få post frå det offentlege på papir, og regjeringa har nett sendt ut forslag om å styrke forbrukarane sin rett til å betale med kontantar.
Eg er kjent med at Finans Norge nyleg har publisert ei bransjenorm for finansiell inkludering. Denne gir retningslinjer for korleis bankane skal møte ikkje-digitale kundar, og eg ser det som eit godt initiativ. Eg er opptatt av at så mange som mogleg skal kunne nytte dei digitale løysingane vi har, og at gode offentlege digitale tenester skal kunne nyttast av dei som av forskjellige grunnar ikkje kan få utskrive BankID. Eg er òg opptatt av at elektronisk ID er noko både bankane og innbyggarane skal ha stor tillit til.
Det er i dag vanskeleg å nytte digitale tenester frå til dømes NAV eller helsesektoren utan ein eID på høgt tryggingsnivå, som BankID. Regelverket tillèt heller ikkje at ein bruker eIDen til ein annan person, til dømes til Vipps, eller til innlogging i bank.
Løysinga i tilfelle der ein har ansvar for ein person med spesielle behov, som av ulike grunnar ikkje kan vere "digital", er ei fullmakt eller eit verjemål. Ein fullmektig eller verje kan bruke sin eigen elektroniske identitet for tilgang til tenester på vegne av han ein er verje eller fullmektig for. Per i dag er det likevel slik at ein må kontakte kvar enkelt tenesteeigar for å "melde" inn ei fullmakt eller verjemål. Dette fordi vi manglar eit digitalt fullmakts-/verjemålsregister. Enkelte etatar har skjema på nett for slik registrering. Eg er likevel godt kjent med at mange ikkje ønsker å vere avhengig av bistand frå ein fullmaktshavar eller hjelpeverje.
Den 21. oktober deltok eg i eit innspelsmøte i samband med arbeidet med handlingsplanen for strategien Digital heile livet, kor fleire av marknadsaktørane innanfor mellom anna finansnæringa var til stades. Der vart det lagt vekt på at det også bør leggjast til rette for gode analoge alternativ for dei som har behov for dette. Det viktigaste for meg er at alle er inkluderte på ein god måte, også dei som av ulike grunnar ikkje er digitale.
Den aukande grada av digitalisering skaper ein fare for at fleire kan falle utanfor det digitaliserte samfunnet. Eg er opptatt av å motverke dette. Kommunal- og distriktsdepartementet er derfor i gang med to viktige arbeid – ein handlingsplan for digital inkludering, og ein ny strategi for bruk av eID i offentleg sektor. Målet med strategien er å sikre at alle har nødvendig elektronisk identifikasjon som sikrar tilgang til offentlege digitale tenester. Alle må ha moglegheit til å skaffe seg ein eID som kan brukast for dei tenestene dei har behov for. Dei som ikkje sjølv kan opptre digitalt, må kunne la seg representere av andre. I utkastet til ny eID-strategi er det mellom anna foreslått at det skal greiast ut ein offentleg utskriven eID på tryggingsnivå høgt (tilsvarande tryggingsnivået til BankID), styrking av den offentlege løysinga MinID, og informasjon og rettleiing til dei som treng det. Strategien har nyleg vore på høyring, og det er mottatt mange gode innspel som departementet vil arbeide vidare med før strategien kan vedtakast.