Liv Kari Eskeland (H): Har departementet gjort samfunnsmessige økonomiske berekningar for kva nedlegging av Stord-Oslo ruta vil bety for regionen dersom rutetilbodet i Stord – Oslo – Stord forsvinner?
Begrunnelse
Departementet har i brev nyleg svara Stord Lufthamn at det ikkje er aktuelt å utlyse flyruta Stord–Oslo som ei midlertidig FOT-rute i seks månader, som følge av at noverande operatør vurderer å innstille rutedrifta, og i påvente av ei avklaring om ruta skal inkluderast i utlysinga av nye FOT-ruter frå 1. april 2024.
Det kan bety at tilsette vert permittert og i verste fall vert sagt opp, beredskapen i regionen vert svekka, og næringslivet vert påført ekstrakostnader som dei ikkje hadde forutsett. Dette er kostnader som vanskeleg kan overførast til ein tredjepart, og det vil svekke konkurransevilkåra til vårt næringsliv. I tillegg vil lufthamna ikkje kunne oppfylle forpliktingane ein har inn mot sine eigarar som er kommune og fylkeskommune. Vi ber difor departementet legge fram ei samfunnsøkonomisk konsekvensanalyse for eit slikt senario sett opp mot kva det vil koste å gå inn med ei støtteordning for ruta fram til ny vurdering av FOT-rutene ligg føre.