Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:201 (2022-2023)
Innlevert: 21.10.2022
Sendt: 24.10.2022
Besvart: 01.11.2022 av klima- og miljøminister Espen Barth Eide

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Vil regjeringa stille krav om kartlegging og overvaking av fjordøkosystemet i samband med det planlagde deponiet i Førdefjorden, og vil regjeringa gjere framlegg om nye lovendringar som gir heimel for å stanse eller stille nye krav til næringsaktivitet, dersom denne er meir økosystmøydeleggande enn det som var forutsett i konsesjonsprosessar og søknader om utsleppsløyve?

Begrunnelse

I A- magasinet, 21 oktober, er det skrive om fjorddeponiet i Førdefjorden, og der signaliserer næringsministeren at det vil blir stilt strenge krav til ressursutnytting i gruveprosjektet. Oversikta over gamle og nye sjødeponi i Norge syner at mange fjordar er påverka av utslepp frå ny og gamal industri. Det er viktige gyteområder for blålange i Førdefjorden. Fisk frå store omkringliggande områder kjem dit for å gyte. Dersom gyteområda vert øydelagde vil det få konsekvenser for eit mykje større område enn der sjølve gyteområdet er lokalisert. Førdefjorden er nasjonal laksefjord. Andre fjordar, som til dømes Jøssingfjorden og Sunndalsfjorden, er sterkt prega av historiske utslepp frå industri. Sjølv om utsleppa i Jøssingfjorden vart stoppa for meir enn 30 år sidan, er det lite liv i fjorden. Det er påført langvarige skader på økosystemet. I Aftenposten 21 oktober er næringsministeren tydeleg på at regjeringa går inn for eit «grønnere og mer aktivt eierskap» for statseigde verksemder i den framlagde Eigarskapsmeldinga, og han signaliserer ein visjon med «nye og ambisiøse forventninger knyttet til økosystem og naturmangfold, fordi vi ikke har bare en klimakrise men også en naturkrise». Det er ikkje berre tradisjonelle industriutslepp som påverkar fjordøkosystema. Store utslepp av gjødsel frå fiskeoppdrett og avrenning frå jordbruk og avløp kjem i tillegg. Klimaendringane gir endra temperatur og hydrologiske forhold, og meir erosjon fører til at meir næring og partiklar fylgjer overvatn og naturleg avrenning til sjøs. Svært mykje av fjord og kystøkosystemet i Norge er dårleg kartlagt. Ny teknologi gjer det no mogleg å kartlegge mykje meir effektivt enn før. Med utgangspunkt i MAREANO- data gjennomførte forskarar ved Runde miljøsenter seinast i haust eit tokt i Rovdefjorden der dei fann store nye korallforekomster som tidlegare ikkje har vore dokumenterte. Å vite kvar dei særleg sårbare saltvasskorallane er, og fylgje med korleis desse vert påverka av næringsaktivitet, er svært viktig om ein vil ta vare på livet i havet. I 2020 slo havpanelet fast at havet og livet der er mykje viktigare for klimaet og naturmangfaldet enn ein før har trudd, og miljøtilstanden er meir alvorleg enn ein trudde. Fjord og hav heng saman og må forvaltast som eit heilheitleg økosystem.

Espen Barth Eide (A)

Svar

Espen Barth Eide: Utgangspunktet i forurensningsloven er at all forurensning er ulovlig med mindre den er særskilt tillatt gjennom lov, forskrift eller tillatelse gitt av forurensningsmyndigheten. Lovens formål er å sikre en forsvarlig miljøkvalitet, slik at forurensninger og avfall ikke fører til helseskade, går ut over trivselen eller skader naturens evne til produksjon og selvfornyelse.
Dette ligger til grunn når forurensningsmyndigheten avgjør om tillatelse skal gis, og det følger av loven at det skal legges vekt på både de forurensningsmessige ulempene ved tiltaket og øvrige fordeler og ulemper som tiltaket vil medføre. Disse vurderingene lå også til grunn i saken som gjelder sjødeponi i Førdefjorden, og i tillatelsen som er gitt er det er blant annet stilt vilkår om overvåking av fjorden før, under og etter deponeringen.
Gjennom det tillatelsessystemet som følger av forurensningsloven blir driften av forurensende virksomhet godt innrammet med krav til utslipp, miljøovervåking, utslippskontroll og rapportering, samtidig som forurensningsmyndigheten vil følge driften nøye. I visse tilfeller kan vilkår som er stilt i tillatelsen oppheves eller endres.
Forurensningsmyndighetens oppfølging skjer gjennom tilsyn og rapportering, og virkemidler som kan anvendes er for eksempel pålegg og tvangsmulkt. Brudd på vilkår i tillatelsen kan være straffbart.