Ingrid Fiskaa (SV): Kva gjer Noreg for å bidra til at FNs Menneskerettsråd etablerer ein mekanisme som skal etterforska dei mest alvorlege menneskerettsbrota i Iran, med sikte på å danna grunnlag for at enkeltpersonar som er skuldige i internasjonale brotsverk kan haldast strafferettsleg ansvarleg både av domstolar i tredjeland og internasjonale rettsinstansar?
Begrunnelse
Dei pågåande protestane i Iran er kjenneteikna av at iranske sikkerheitsstyrkar utøver ekstrem og ulovleg vald mot demonstrantar. Ifølgje ei kartlegging frå organisasjonen Iran Human Rights har over 200 demonstrantar blitt drepne. Amnesty International har identifisert nesten 150 enkeltpersonar som har blitt drepne av sikkerheitsstyrkane sidan starten av protestane, av desse 23 barn. I tillegg blir det rapportert at personar som uttaler seg kritisk om desse hendingane og slektningane deira blir arrestert og torturert, eller forsvinn.
Frå eit internt dokument frå det iranske forsvaret som har blitt lekka til Amnesty veit me at iranske sikkerheitsstyrkar har blitt beordra frå høgaste hald å møta demonstrantar med ekstrem vald, uansett om dei sjølv opptrer valdeleg eller ikkje.
Den brutale og ulovlege maktbruken mot demonstrantar og andre som blir oppfatta som motstandarar av regimet føyer seg i eit mønster som har kjenneteikna framgangsmåten til iranske styresmakter i mange år. Mange gonger tidlegare har demonstrasjonar mot regimets politikk blitt møtt med dødeleg makt, vilkårlege massearrestasjonar og internering, tvungne forsvinningar, tortur, og lange fengselsstraffer eller til og med dødsdommar avsagt i urettferdige rettssaker.
Gong på gong har Irans makthavarar vist si forakt for internasjonal rett og ignorert kritikk både frå FNs generalsekretær, andre FN-organ og andre land. Dette blir også stadfesta av FNs spesialrapportør for menneskerettssituasjonen i Iran. Når militære og sivile leiarar kan utøva denne typen brotsverk mot internasjonal rett utan å måtta frykta nokon reaksjon, sender det eit signal som undergrev heile den internasjonale rettsordenen.
Sanksjonar mot enkeltpersonar, som dei EU-sanksjonane Noreg nyleg har slutta seg til, er eit viktig verkemiddel der det internasjonale systemet sviktar. Det kan likevel ikkje erstatta at eit FN-organ dokumenter at brotsverk blir utøvd og identifiserer enkeltpersonar som bør haldast strafferettsleg ansvarlege. FNs menneskerettsråd bør derfor etablera ein uavhengig mekanisme som etterforskar og dokumenterer dei mest alvorlege brotsverka mot folkeretten og andre grove menneskerettsbrot i Iran, for å danna eit bevisgrunnlag både til nasjonale, regionale og internasjonale domstolar.