Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:225 (2022-2023)
Innlevert: 25.10.2022
Sendt: 26.10.2022
Besvart: 02.11.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren gjere greie for status og framdrift i planlegginga av RV 15 Strynefjellet med arm til Geiranger, og korleis dette arbeidet blir finansiert jamf. statsbudsjettframlegget til regjeringa som kuttar i øst og i vest?

Begrunnelse

RV 15 Strynefjellet med arm til Geiranger er ein svært viktig veg for Vestlandet og Møre og Romsdal.
I forrige NTP vart dette prosjektet vedteke oppstarta i fyrste delen av NTP sin 6 års periode, noko som eit fleirtal ved SP, Ap og SV stemte ned i Dok. 8 forslag 125 S.
Status pr. i dag er at dette prosjektet ikkje ligg inne i fyrste 6 års perioden, og er av Statens vegvesen beskrevet med oppstart i perioden 2028-2033.
I ulike medier lokalt og i fylka, kan ein høyre om eit Statens vegvesen som holder på med planlegging av dette prosjektet, sjølv om regjeringspartia dessverre har utsatt prosjektoppstarten betydeleg.
At Statens vegvesen holder på med planlegging er bra, men korleis dette blir finansiert er uklart. Framdrifta er også uklart med tanke på at regjeringspartia har utsatt oppstart til perioden 2028-2033.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Statens vegvesen har sett i gong førebuing for kommunedelplan for massedeponi på Strynefjellet. Før jul vil det òg bli utarbeidd nytt kostnadsoverslag som grunnlag for prioritering i kommande Nasjonal transportplan. Dette blir gjennomført med interne ressursar og midlar på Statens vegvesen sitt budsjett i 2022. Planoppstart for reguleringsplan med KU er i det gjeldande planleggingsprogram foreslått i 2024. Planleggingsprogrammet til Statens vegvesen blir rullert årleg og skal etter planen bli offentleggjort medio februar 2023 saman med gjennomføringsplanen.