Skriftlig spørsmål fra Marie Sneve Martinussen (R) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:236 (2022-2023)
Innlevert: 26.10.2022
Sendt: 27.10.2022
Besvart: 03.11.2022 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Marie Sneve Martinussen (R)

Spørsmål

Marie Sneve Martinussen (R): Hvordan mener statsråden at kundene skal forstå at innholdet i dagligvarepakninger har krympet marginalt når dette ikke er merket, og hva vil statsråden gjøre for å hjelpe forbrukerne i møte med dette fenomenet?

Begrunnelse

Media har den siste tiden satt søkelys på fenomenet krympflasjon. Dagligvareprodusentene reduserer innholdet i pakninger marginalt slik at enhetsprisen øker på en måte som er svært vanskelig for kundene å oppdage. Rødt mener at en slik endring av pakninger må merkes tydelig for å hindre at forbrukerne blir lurt. Statsråden ønsker ikke å støtte Rødts forslag, og i en sak i NRK appellerer hun heller til bedre handelskikk hos de de samme selskapene som lurer kundene gjennom krympflasjon.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Fleire forbrukarar reagerer sterkt på at matvarer i butikkar har blitt endra til ein mindre storleik, men framleis har same pris som før. Det er gjort utan at forbrukarane får direkte informasjon om endringa. Dette har blitt kalla «krympflasjon». Eg har som forbrukarminister gitt uttrykk for at eg tar avstand frå denne praksisen. Eg er einig i at denne gjer det vanskeleg for forbrukarar å oppdage varer som har blitt dyrare. I media har eg uttalt meg om Rødts forslag til ei merkeordning for varer som blir «krympa». Ei offentleg merkeordning vil etter mi vurdering kunne vere vanskeleg å følgje opp og vil kunne vere ei byråkratisk ordning. Eg har i staden vore tydeleg på at dagligvarebransjen må gå i seg sjølv, og slutte med ein slik praksis som er å villeie sine eigne kundar. Det er bransjen sitt eige ansvar å vere transparente og sørgje for at marknadsføringa ikkje villeier forbrukarane. Eg har med glede sett at Orkla no går inn for å slutte å krympe varene sine. Dette viser at dei tek signala frå forbrukarane på alvor. Forbrukarane vinn fram, og eg meiner det er slik det skal vere.
Det er i alle sin interesse at forbrukarane har høve til å gjere gode og informerte val i butikkane. Samstundes vil eg oppmode forbrukarane til å følgje med på prisutviklinga og til å bruke forbrukarmakta.
Eg viser til at det på Helse- og omsorgsdepartementet sitt område gjeld reglar for matvarer med heimel i matlova. Verksemdene har ansvaret for å følgje desse reglane. Mellom anna er det krav i lova om at merking, marknadsføring, presentasjon og reklame er korrekt, gir tilstrekkeleg informasjon og ikkje er eigna til å villeie. I matinformasjonsforskrifta er dette følgt opp med både generelle og meir detaljerte krav om merking, marknadsføring og informasjon om matvarer. Forskrifta gjennomfører matinformasjonsforordninga som gjeld i EU. Mellom anna stiller matinformasjonsforordninga krav til at merking og marknadsføring ikkje skal villeie forbrukarane. Mattilsynet fører tilsyn med at reglane blir følgde.
Prising av varer i butikkane er ein del av marknadsføringa av produkta og må overhalde reglane i marknadsføringslova. Dette inneber mellom anna at marknadsføringa ikkje villeier forbrukarane. Dessutan må prisinga overhalde krava i prisopplysningsforskrifta. Forskrifta krev mellom anna at einheits- og kilopris må vere synleg på varehylla. Dette vil seie at så lenge marknadsføringa ikkje er villeiande og marknadsføringlova, samt prisopplysningsforskrifta som høyrer til, blir overhaldne, er ikkje denne praksisen forbode etter forbrukarvernregelverket.