Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:265 (2022-2023) Innlevert: 30.10.2022 Sendt: 31.10.2022 Rette vedkommende: Helse- og omsorgsministeren Besvart: 04.11.2022 av helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol
Alfred Jens Bjørlo (V): I Næringsdepartementet sin budsjettproposisjon for 2023 står det å lese at "Regjeringen vil sørge for at sjømat vektlegges sterkere når ernærings- og matpolitikk utformes". Sidan det neppe er eit mål for Regjeringa at folk skal ete meir samla sett - kva typar mat vil bli vektlagt svakare når ernærings- og matpolitikken utformast, for å gje rom til at sjømat blir vektlagt sterkare?
Ingvild Kjerkol: Eg vil takka for spørsmålet frå representanten Alfred Jens Bjørlo om kosthald. Eit sunt kosthald er viktig for helsa. Noreg har forplikta seg til bærekraftsmålet om å redusera for tidleg død som skuldast ikkje-smittsame sjukdomar som diabetes type 2, kreft, kols og hjarte/karsjukdomar med ein tredel innan 2030 samanlikna med 2015. For tidleg død er definert som død før fylte 70 år. Ein av dei viktigaste risikofaktorane for desse sjukdomane er usunt kosthald. Overvekt og fedme er ein sjølvstendig helsetrussel. Mellom 15 og 20 prosent av barna i Noreg har overvekt eller fedme og dette aukar mot slutten av tenåra. Vidare er om lag 25 prosent av menn og 20 prosent av kvinner i aldersgruppen 40-49 år har fedme (HUNT/Tromsø).Regjeringa har mål om at nordmenn et i tråd med kostråda frå Helsedirektoratet. Helsestyresmaktene tilrår eit variert kosthald med mykje grønsaker, frukt og bær, grove kornprodukt og fisk, og avgrensa mengder omarbeidd kjøtt, raudt kjøtt, salt, sukker og metta feitt. Det er stort samsvar mellom eit kosthald som blir tilrådd for å fremje helse, og eit kosthald som er meir berekraftig. Helsedirektoratet sine kostråd er basert på dei nordiske ernæringsanbefalingane (NNR). Desse er vitskapelig dokumenterte tilrådingar utarbeidd frå eit reint helseperspektiv. Nordisk ministerråd skal fram mot juni 2023 revidere desse felles nordiske tilrådingane. Tilrådingane er det faglege grunnlaget for dei offisielle nasjonale kostråda i dei nordiske landa og kjem også denne gongen primært til å bli utarbeidde frå eit helseperspektiv. Men berekraft vil i sterkare grad bli inkludert i ernæringstilrådingane der det er tilstrekkeleg vitskapleg dokumentasjon. Undersøkingar av det norske kosthaldet viser at det er for lågt inntak av grønnsaker, frukt, bær, grove kornprodukt og fisk. Vidare at det er for høgt inntak av salt, tilsett sukker og metta feitt. Det er store sosiale skildnader i kosthaldet, og skildnader mellom kvinner og menn. Mellom anna er det heile 25 % av vaksne menn som et dobbelt så mykje raudt kjøt som tilråda. Særleg barn og unge har for høgt inntak av tilsett sukker. Dette kjem særleg frå sukra drikke som brus, godteri og kjeks/kaker. Kjeldene for metta feitt er særleg feite mjølkeprodukter og kjøt. Det er store variasjoner i kosthaldet mellom ulike individ og grupper, men for at befolkningen som heilhet skal ete meir i samråd med kostråda frå Helsedirektoratet – må dei aller fleste ete meir fisk, grove kornprodukt, frukt og grønsaker, og avgrense inntaket av raudt og omarbeidd kjøt. Særleg barn og unge bør redusera inntaket av søt drikke og godteri. Dette er utgangspunktet for myndighetenes arbeid med å forbetre kostholdet.I arbeidet med å nå desse måla har vi mellom anna inngått ei intensjonsavtale med matvarebransjen. Eit av måla i denne avtalen er å samarbeida om å auka inntaket av fisk, grove kornprodukt, frukt og grønsaker. Dette arbeidet går under navnet #Merav.