Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:293 (2022-2023)
Innlevert: 02.11.2022
Sendt: 03.11.2022
Besvart: 10.11.2022 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Hvilke endringer må gjennomføres i norsk lovverk for å implementere EUs nye klimakrav til bygg?

Begrunnelse

EU har som mål at de skal kutte 55 % av klimagassutslippene frem til 2030. Revideringen av byggenergidirektivet ble foreslått av EU-kommisjonen i desember i fjor som en del av den store pakken kalt «Fit for 55» som skal sørge for at EU når målet. I oktober samlet EU-landene seg om en pakke for energisparing i bygg, der de blant annet sier at alle nye offentlig eide bygg i EU være utslippsfrie fra 2028. For alle nybygg gjelder de samme reglene fra 2030. For eksisterende bygg er EU-landene enige om å innføre strengere minimumsstandarder for energibruk. Dette for å utløse en mer omfattende renovering av eksisterende bygningsmasse. Målet er å utfase den dårligste delen av bygningsmassen.

Bygg står for 36 prosent av de energirelaterte direkte og indirekte utslipp av klimagasser i EU. Derfor er det viktig å få ned energiforbruket i bygg. I tillegg kan dette være sosialt viktig, fordi en får renovert eldre bygninger. Direktivet har EØS-relevans, og vil derfor skulle implementeres i Norge også.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Representanten viser i grunngjevinga for spørsmålet til bygningsenergidirektivet. Kommisjonen sitt forslag til revidert bygningsenergidirektiv er ikkje endelig vedteke i EU. Det er ikkje klart kva ei eventuell implementering av framtidig direktiv kan medføre av behov for endringar av norsk regelverk.
Det er ei stadig aukande merksemd i EU på å redusere energibruk i byggsektoren for å kutte klimagassutslepp. Dette har ikkje utan vidare overføringsverdi til Noreg. Våre energikrav til bygg ligg langt føre dei fleste land i Europa. Vi har strenge krav til energieffektivitet, og frå 1. januar 2016 har det ikkje vore tillate å installere varmeinstallasjon for fossilt brensel. Nye norske bygg er energieffektive. I tillegg er det også låge klimagassutslepp frå drift av eldre bygg. I Noreg har vi i stor grad basert den innanlandske energiforsyninga vår på fornybar elektrisitet, det har gitt låge utslepp frå oppvarming av bygg. I følgje Miljødirektoratet viser førebelse tal frå SSB at utslepp i samband med oppvarming av bygg utgjorde ca. 1,1 % av totale utslepp i 2021. Utslepp frå norske bygg skriv seg primært frå bygg med gassoppvarming, i tillegg til noko utslepp av metan og lystgass frå vedfyring.
Det er Olje- og energidepartementet som har ansvar for bygningsenergidirektivet. Eg har derfor innhenta kommentaren nedanfor frå olje- og energiministeren om prosessen med direktivet:
Det blei fatta EØS-komitebeslutning om å innlemme bygningsenergidirektivet frå 2010 (2010/31/EU) i EØS-avtalen 29. april 2022, med atterhald om samtykke frå Stortinget. Saka vil bli lagt fram for Stortinget saman med forslag til nødvendige lovendringar for gjennomføring av direktivet i Norge.
Europakommisjonen la 18. mai 2022 fram forslag til revidert bygningsenergidirektiv. Forslaget skal no opp til forhandlingar mellom medlemslanda i EU og EU-parlamentet. Olje- og energidepartementet har høyrt Europakommisjonen sitt forslag til revidert bygningsenergidirektiv. Forslaget er knytt til EU sitt arbeid under REPowerEU, og inneheld mellom anna forslag til definisjon av nullutsleppsbygg (zero-emission building).