Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:359 (2022-2023)
Innlevert: 09.11.2022
Sendt: 09.11.2022
Besvart: 18.11.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Vil samferdselministeren og regjeringa faktisk no snart handle og sørger for at Møre og Romsdal fylkeskommune som vegeigar av Nordøyvegen, som også har 100 % garantiansvaret for prosjektet, faktisk kan setje ned bompengetakstane som det er gjeve beskjed om å leggje til rette for frå eit samla Storting i vedtaket i representantforslag 237 S?

Begrunnelse

I Møre og Romsdal fylke er det eit stort engasjement for å kunne setje ned bompengane på Nordøyvegen prosjektet.
Dette engasjementet er tverrpolitisk, og er grundig forankra i eige behandling i dok 8 forslag i Stortinget i sak 237 S, der Stortinget ber regjeringa legge til rette for at Møre og Romsdal fylke kan setje ned bompengetakstane på Nordøyvegen.
Både Møre og Romsdal fylkeskommune, samferdselsutvalget leia av Kristin Sørheim frå SP og befolkninga på Nordøyane lurer no verkeleg på kva som skjer eller ikkje skjer frå regjeringa ang denne saka.
To spørsmål ang. saka er stilt til samferdselsministeren i etterkant av behandlinga i Stortinget. Frå leiaren i Transport og kommunikasjonskomiteen Erling Sande, og frå 1. nestleiaren i samme utvalg Frank Sve, som etterlyser handling og avklaring ikring nedsetting av bompengetakstane.
Det ser ut til å vere ei eller anna forvirring i regjering, vegdirektorat eller departement ikring denne saka.
Nordøyvegen er eit 100 % fylkeskommunalt prosjekt som ikkje er finansiert med ei einaste statlig krone, men fullfinansiert og med alle garantiar frå fylkeskommunen sjølv.
Samferdselministeren har sjølv uttalt at denne saka har ikkje staten noko som helst med, utan om å vedta bompengeproposisjonen som vart omsøkt frå Møre og Romsdal fylke, med endring av Dok 8 forslag 237 S.
Dette burde ikkje være særleg vanskeleg.
Møre og Romsdal fylkeskommune er 100 % ansvarleg for finansieringa av Nordøyvegen, og dersom fylkeskommunen vil tilføre ekstra midlar eller setje ned bompengetaksten og ta ansvaret ikring dette overfor Vegamot, er dette 100 % opp til vegeigar som er Møre og Romsdal Fylkeskommune.
Trafikktalla på sambandet viser at ein redusert bompengetakst likevel vil kunne tilføre prosjektet meir enn nok pengar pr. år til finansiering av bompengelåna. At fylkeskommunen ikkje kan sjølvstendig gjere avtale med Vegamot ang dette utan noko meir "snikk snakk" og byråkrati via departement osv., er rett og slett uforståeleg.
No er det verkeleg på tide at regjeringa og samferdselsministeren følger opp vedtaket i dok 8 forslaget 237 S og faktisk legg til rette for at Møre og Romsdal Fylkeskommune kan setje ned bompengetakstane på Nordøyvegen.
Det vert forventa handling frå samferdselministeren umiddelbart.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Det er Prop. 93 S (2021-2022) som no gjeld for fv. 659 Nordøyvegen. Stortinget har vedteke bompengetakstane ved behandlinga av bompengeproposisjon. Når eit bompengeopplegg er vedteke i Stortinget inngår Vegdirektoratet ein avtale med det regionale bompengeselskapet som forpliktar selskapet å stille med midlar til den aktuelle utbygginga mot at bompengeselskapet samstundes får rett til bompengeinnkrevjing innanfor dei ramane Stortinget har lagt. Takstane ved oppstart av innkrevjinga blir fastsett av Vegdirektoratet og i tråd med Stortingets vedtak - etter søknad frå bompengeselskapet. I søknaden gjer bompengeselskapet greie for samla lånebelastning og renteutviklinga.
I tråd med styringssystemet som er lagt overfor bompengeselskapa, skal gjennomsnittstaksten i eit prosjekt vurderast på nytt etter eit til to års drift, når trafikken er kjend. Då kan bompengeselskapet søke om å endre gjennomsnittstaksten ut frå prosjektets økonomiske situasjon. Før bompengeselskapet kan søke om endringar i gjennomsnittstaksten, må dette bli lagt føre for fylkeskommunen som garantist for å få tilslutning. Det må òg ligg føre ei tilslutning frå fylkeskommunen som garantist før Vegdirektoratet kan handsame søknaden og evt. fatte takstvedtak om endring innanfor gjennomsnittstakstane. Det er altså bompengeselskapet som i dei enkelte tilfelle tar initiativ til å setje i gang prosessen med å endre takstane.
Så lenge takstane settast i tråd med det inntektstrømmane i bompengeinnkrevjinga tillate, finns det derfor allereie eit system for justeringar innanfor gjennomsnittstakstane i eit bompengeprosjekt.
Ut over dette systemet er det ikkje slik at takstane berre kan setjast lågare enn det Stortinget har vedteke ved behandlinga si av bompengeproposisjon, jf. her Stortinget si handsaming av Prop. 93 S (2021-2022). Dersom det skal skje ei takstreduksjon må eit inntektstap anten bli dekka av fylkeskommunale midlar/tilskot, eller i form av ein eigen særskilt garanti frå fylkeskommunen. Ein ev. ny garanti må leggjast fram for Kommunal- og distriktsdepartementet for ny godkjenning då føresetnadene for den allereie godkjente garantien blir endra. Det er ikkje tilstrekkeleg at fylkeskommunen vedtek å ta på seg det fulle ansvaret ved ev. mindreinntekter i bompengeperioden, det vil krevjast ein eigen garanti. Dersom det er ønskeleg frå fylkeskommunens side å yte eit særskilt tilskot, eller stille ein særskilt garanti, må dette skje i samråd med bompengeselskapet Vegamot.
Dette inneber at Møre og Romsdal fylkeskommune vil kunne redusere takstane for fv. 659 Nordøyvegen, dersom inntektstapet anten blir dekt av fylkeskommunale midlar/tilskot eller ved ein særskilt garanti frå fylkeskommunen godkjent av Kommunal- og distriktsdepartementet. For øvrig viser vi til svar gitt på liknande spørsmål om fv. 659 Nordøyvegen frå representant Erling Sande.