Ingrid Fiskaa (SV): Vil utenriksministeren kalle den iranske ambassadøren inn på teppet?
Begrunnelse
I åtte veker har tusanvis av iranarar protestera mot det iranske regimets kvinneundertrykking, moralpoliti og drapet på Jina (Masha) Amini. Regimet har svara med hard hand og 284 demonstrantar er drepne.
Den norske ambassadøren vart i følgje ABC Nyheter kalla inn til møte i iransk UD 4. november. Iranske styresmakter tok opp den norske Stortingspresidenten sine fråsegner samt eit norsk innlegg i FNs Tryggingsråd. Det er ikkje fyrste gongen i løpet av desse åtte vekene at den norske ambassadøren har blitt kalla inn på teppet.
Det framstår som underleg at det er den norske ambassadøren som skal svara for seg - og ikkje den iranske.