Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:388 (2022-2023)
Innlevert: 12.11.2022
Sendt: 14.11.2022
Besvart: 21.11.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Er det aktuelt for samferdselsministeren å opna opp for forlenging av tidsbestemte porteføljestyrte bompengepakkar, då til forskjell frå den førre regjeringas bompengepolitikk?

Begrunnelse

Nokre representantar frå den politiske styringsgruppa i Haugalandspakken har ytra ønske om å forlenga Hauglandspakken når han går ut i juni 2023. Den porteføljestyrte bompengepakken har då eksistert i dei 15 åra som den aktuelle stortingsproposisjonen legg opp til.
Haugalandspakken har vore sterkt kritisert for dårleg økonomistyring. Mellom anna har det blitt brukt minst 100 millionar kroner på å planlegga fleire prosjekt som det ikkje er pengar til å bygga, og dette tilsvarer minst eit halvt år med bompengeinnkreving på Haugalandet. Styringa av Haugalandspakken har fått sterk kritikk i ein forvaltningsrevisjon bestilt av Rogaland fylkeskommune. Dårleg økonomistyring taler ikkje for ei forlenging av bompengepakken.
På spørsmål frå Solfrid Lerbrekk (SV) gjorde dåverande samferdselsminister Knut Arild Hareide det i 2020 klart at den dåverande regjeringas politikk ikkje gjorde det aktuelt verken med ei dobling av bompengetakstane eller ei forlenging av Haugalandspakken. Han viste då til eit brev frå Samferdselsdepartementet (datert 2. januar 2020) som ba Statens Vegvesen om å følgja opp nye føringar for bompengepakkar, som mellom anna innebar at «kostnadsøkninger og/eller inntektssvikt i slike bompengepakker skal håndteres ved kutt i prosjektporteføljen og ikke ved økte takster og/eller forlenget innkreving».
Det er elles eit poeng at det nå blir planlagt fleire nye bompengepakkar på Haugalandet. Folk på Haugalandet vil dermed etter alt å dømma måtta betala bompengar igjen ikkje mange år etter at Haugalandspakken er planlagt avslutta i juni neste år.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Dei fastsette retningslinene for porteføljestyrte bompengepakker gjeld framleis, slik at kostnadsauke og inntektssvikt i dei porteføljestyrte pakkene skal handterast innanfor vedteke økonomisk ramme. Det er ein viktig føresetnad i bompengepakker at dei blir styrt etter inntekt, og at det er samsvar mellom prosjekt i portefølja og forventa inntekt. I nye porteføljestyrte bompengepakker er det derfor ikkje opna opp for en mogelegheit for 20 pst. takstauke og forlenga innkreving i inntil 5 år.
Når det gjeld innkrevjinga i dagens Haugalandspakke, er eg kjend med at denne er forventa avvikla i juni 2023. Eg er vidare kjend med at Rogaland fylkeskommune har sett i gong førebuing av arbeid med ei ny bypakke for Haugesund, og at saka er venta lagt fram for lokalpolitisk handsaming medio 2023. Dette ser ut til å bety opphald i innkrevjinga dersom ny pakke vert vedteke. Eg ønskjer på noverande tidspunkt ikkje å ta stilling til ei eventuell mogelegheit for forlenga innkrevjing i ein periode mellom to faser av ei bompengepakke for Haugesund. Dette er òg noko lokale styresmakter først må ta stilling til.