Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:403 (2022-2023)
Innlevert: 15.11.2022
Sendt: 15.11.2022
Rette vedkommende: Finansministeren
Besvart: 25.11.2022 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Har samferdselsministeren eller andre i regjeringa godkjent at Aukra kommune får eigedomsskatt i 20 år fram i tid med årleg beløp på 100 mill. kr, og er det overhode mulig å garantere noko som helst som går inn og overstyrer lokaldemokratiet i 5 nye valgperiodar i både Aukra kommune og fylkestinget 20 år fram i tid?

Begrunnelse

Møre og Romsdal fylkekommune har i sitt budsjett for 2023 og i økonomiplan 2023-2026 lagt inn det fylkekommunale ferjeavløysingsprosjektet Kjerringsundet. Dett er eit prosjekt som ikkje er prioritert men ligg inne i ei samleportefølje med mange andre mulige framtidige prosjekt i fylkeskommunen.
Dette er fastlandsamband for Aukra i samband med Møreaksen, som er eit prosjekt som verken er prioritert eller på nokon måte er realisme i kan realiserast i dei nermaste tiåra.
I finansieringmodellen som også er grunnlag for mulig bompengeproposisjon for Kjerringsundet har fylkesrådmannen lagt til grunn eigedomsskatt frå Aukra kommune på 100 mill. kr pr. år, i ein periode fram i tid på 20 år.
Tidligare fylkesrådmann har vore klokkeklar på at slik framskriving av eigedomsskatt ikkje er mulig å praktisere. Det måtte derfor vere eit krav frå fylket at det vart gjeve ein eigen statleg garanti på at Aukra Kommune får tatt inn eigedomsskatten i denne størrelsesorden med 100 mill. kr pr. år, garantert i 20 år framover i tid.
Dette ville bety at så mange som 5 kommunestyreperiodar framover i tid i Aukra kommune, ville bli bunde opp i eit slikt vedtak, og næringslivet som betalar eigedomsskatten likeså.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

Svar

Trygve Slagsvold Vedum: Eg viser til at spørsmålet er oversend frå samferdselsministeren til finansministeren som ansvarleg for eigedomsskatt.
Eg forstår det slik at spørsmålet gjeld om eit kommunestyre kan binde framtidige kommunestyrer med omsyn til utskriving av eigedomsskatt. Dette spørsmålet er ikkje direkte regulert i eigedomsskattelova. Ein må difor søkje å finne svar på spørsmålet gjennom meir generelle vurderingar.
Eigedomsskatten er ein kommunal skatt. Det er kommunestyret i den einskilde kommunen som avgjer om det skal skrivast ut eigedomsskatt i kommunen. Kommunane rår fritt over inntektene som skriv seg frå eigedomsskatten. Desse inntektene er ikkje øyremerkte bestemte føremål, og kommunane avgjer sjølv kva dei skal nyttas til.
Vedtak om slik utskriving må gjerast av kommunestyret kvart einskilt år, og har berre verknad for eit år om gongen. Eit høve til å binde framtidige kommunestyre harmonerar i utgangspunktet ikkje med dette.
Det verker ikkje som den aktuelle problemstillinga er komen opp ofte. Dei rettskjeldene som finnst, verkar meir å gjelde spørsmålet om i kor stor grad eit kommunestyre kan binde framtidige kommunestyrer med omsyn til fritak for fleire år framover i tid. Skatteloven har til dømes ein regel med forbod mot å gje «særinnrømmelser». Ein må anta at det same prinsippet gjeld også innanfor eigedomsskatten.
I juridisk teori har Einar Harboe i «Eiendomsskatt – Kommentarutgave» (2. utgave 2004, side 15), uttalt;

«Etter mitt skjønn må utgangspunktet være at kommunestyre bare har adgang til å treffe vedtak om utskriving av eiendomsskatt, eventuelt vedtak om at eiendomsskatt ikke skal utskrives, i dets funksjonstid, altså frem til og med neste valgår. I tillegg kommer at vedtak treffes i forbindelse med budsjettbehandlingen, som gjelder det påfølgende kalenderår. Før kommunestyret kommer frem til denne budsjettbehandlingen, er det tvilsomt om det kan treffe vedtak der det binder opp egen handlefrihet, med unntak for de tilfelle der loven gir klar hjemmel for det.»

Kommunelova sett krav om årsbudsjett og fireårig økonomiplan. Kommunane må sjølv vurdere finansieringa av ulike prosjekter, med omsyn til det er rom for dei i kommuneøkonomien. Ein kommune kan forplikte seg gjennom avtaler utover ein valperiode.
På bakgrunn av det som er omtalt ovanfor antek eg likevel at det ikkje vil vere høve for eit kommunestyre til å forplikte framtidige kommunestyre til å skrive ut eigedomsskatt for finansiering av bestemte føremål på ein slik måte som skissert i spørsmålet.