Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:449 (2022-2023) Innlevert: 18.11.2022 Sendt: 18.11.2022 Rette vedkommende: Kommunal- og distriktsministeren Besvart: 25.11.2022 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik
Une Bastholm (MDG): NRK skriver 17.11 at norske kommuner har satt av areal til nye hytter tilsvarende minst tre og en halv ganger arealet som i dag brukes til tettbebygde hytteområder. Hyttebyggingen truer nå både artsmangfold, friluftsliv, kulturlandskap og beitenæring. Regjeringen har tidligere sagt nei til å ta grep for å få ned tempoet i utbyggingen. Synes regjeringen det er greit at opptil 1 479 km² natur og kulturlandskap kan bli bygget ned og er dette i tråd med Norges internasjonale forpliktelser om å verne natur og artsmangfold?
Sigbjørn Gjelsvik: På oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet har Norsk institutt for naturforskning (NINA) kartlagt tomtereservane for fritidsbustader i gjeldande kommunale arealplanar. Rapporten inngår i departementet sitt arbeid med å få fram statistikkar og analyser som er relevante for planlegging etter plan- og bygningslova. Den vil vere eit grunnlag for departementet i arbeidet med forvalting og utvikling av arealpolitikken, og eit viktig grunnlag for vidare arbeid med å få fram metodikk for analyser av planlagt arealbruk basert på digitale planar. Rapporten gir kunnskap om kor store areal som er avsette til fritidsbustader, og kor dei avsette områda ligg i høve til viktige miljøverdiar. Kartlegginga syner at arealreserven for landet sett i heilskap, er stor.Noreg og verda står overfor store klima- og miljøutfordringar. Nedbygging av karbonrike areal, oppdeling av naturområde og konflikt med landskap, friluftsliv, kulturmiljø med meir kan verke negativt inn på klima og miljø, slik NINA-rapporten peikar på.Fritidsbusetnad og reiseliv gir lokale arbeidsplassar og styrker grunnlaget for fast busetnad. Dette er viktig for mange distriktskommunar. Samstundes legg fritidsbustader beslag på store areal. Departementet har nyleg gitt ut ein rettleiar om planlegging av fritidsbustader. Rettleiaren oppmodar kommunane til å bruke samfunnsdelen til å fastsette ein lokal politikk for fritidsbustader, og beskriv omsyn som er viktige for å sikre ei berekraftig utvikling av fritidsbusetnaden. Rettleiaren seier mellom anna at ny utbygging bør skje i samband med noverande byggjeområde og infrastruktur, og at fortettingspotensialet bør kartleggjast og utnyttast før det blir lagt til rette for utbygging i nye område. Vidare seier rettleiaren at hytteområda bør avgrensast mot samanhengande natur- og friluftslivsområde, og at det bør sikrast samanhengande naturområde med få eller ingen tekniske inngrep ved planlegging av fritidsbustader.Mange kommunar har store tomtereservar i arealdelen av kommuneplanen. Dei bør i arbeidet med kommunal planstrategi vurdere om desse skal vidareførast, og om det er behov for å revidere eller oppheve eldre reguleringsplanar for fritidsbustader, før dei sett av nye område til utbygging. Rapporten frå NINA vil vere nyttig som bakgrunn for vidare planlegging i kommunane og fylkeskommunane, blant anna fordi dataene om tomtereservar er tilgjengelege på kommunenivå.I Hurdalsplattforma har vi slått fast at klima og natur skal vere ei ramme rundt all politikk, og at omsynet til klima og natur skal ivaretakast i plan- og bygningslova. Kommunane har eit stort ansvar for berekraftig planlegging som tek vare på miljømessige behov for innbyggjarar, natur og næringsliv. Skal Noreg bidra til å oppnå berekraftsmåla, andre internasjonale avtalar og eigne nasjonale klima- og miljømål, treng vi god regional og kommunal planlegging.