Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:453 (2022-2023)
Innlevert: 18.11.2022
Sendt: 21.11.2022
Besvart: 24.11.2022 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Har statsråden sikra seg ein kopi av denne interessante rapporten og ynskjer statsråden å bruke rapporten for å sikre at kommunane i framtida ikkje skal sitte igjen med dette inntrykket?

Begrunnelse

Statsforvaltaren i Vestland har laga ein eigen rapport om forholdet mellom kommunane og statsforvaltaren.
I kapittelet Arealforvaltning er språket i rapporten tydeleg: Dette feltet fekk forholdsmessig stor merksemd på bortimot alle møta og utløyste eit rimeleg heftig engasjement. Tema kom på dagsorden av seg sjølv og bar preg av oppmagasinert frustrasjon.
Vidare står det: Mange er kritiske til statsforvaltaren sin utøving av rollen, som til dømes mangelen på å skilje mellom viktige og bagatellmessige saker, liten forståelse for kommunen sine synspunkt, manglande evne til å differensiere skjønsutøvinga avhengig av det store fylket sine geografiske variasjonar, er tunge å få ut på synfaringer, er meir sektor- enn samfunnsorientert, kjenner ikkje sitt fylke osv.
Kommunane meiner at statforvaltaren ikkje makter finne balansen mellom statlege og regionale interesser som dei er tillagt eit særskilt ansvar for, og dei sakene som openbert ligg innanfor det kommunale - og no grunnlovfesta sjølvstyret. Det er ganske uforutseieleg kor mange av desse arealsakene vil havne undervegs i prosessen - som forøvrig kostar kommune og partar mykje tid og pengar. Kommunane meiner at mange av desse sakene er bagatellmessige og saksbehandlinga innimellom ber preg av regelrytteri. Ingen sak er for liten for statsforvaltaren og det ber teikn om at store ressursar til rådvelde.
Det fortsetter og sitat frå ein kommune er nok noko mange kjenner seg att i Rigiditeten har passert alle rimelege grenser.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Eg kjenner berre til den aktuelle rapporten gjennom omtale i media. Eg har ikkje lese innhaldet i rapporten, og eg har difor ikkje grunnlag for å kommentere den.
På generelt grunnlag kan eg seie at eg er opptatt av at statsforvaltarane skal ha ein god og konstruktiv dialog med kommunane i planprosessane. Statsforvaltarane skal vareta nasjonale interesser i arealplanlegginga, og desse er ikkje alltid samanfallande med kommunane sine eigne ønskjer. Det kan derfor oppstå usemje i plansaker og andre spørsmål om arealbruk. Tidleg og føreseieleg medverknad er likevel viktig for å unngå unødvendig usemje. Eg forventar at statlege styresmaktar tek omsyn til det lokale sjølvstyret, og at motsegn berre vert fremma når det er naudsynt for å sikre nasjonale og vesentlege regionale interesser. Dette er bodskap som eg jamleg formidlar i den ordinære styringsdialogen med statsforvaltarane.