Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utviklingsministeren

Dokument nr. 15:475 (2022-2023)
Innlevert: 21.11.2022
Sendt: 22.11.2022
Besvart: 25.11.2022 av utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Vil regjeringa arbeida aktivt for at utviklingsland som Pakistan blir omfatta av det nye FN-fondet for tap og skade ved klimaøydeleggingar?

Begrunnelse

Med usikkerheit rundt 1,5 gradersmålet og manglande tilslutning til nedfasing av fossile brennstoff låg klimatoppmøtet i Egypt an til å bli ein total fiasko. Men på overtid lukkast heldigvis verdas utviklingsland – med støtte av blant anna Noreg - med ei mangeårig kampsak. Etablering av eit fond for tap og skade vart vedtatt.
Vedtaket var særleg viktig fordi klimaendringane allereie har fått alvorlege følgjer i land som ikkje har økonomi til å handtera store øydeleggingar. Fleire av dei landa som vert hardast ramma har i liten grad medverka til klimaendringane, og derfor var det svært viktig at klimatoppmøtet slo fast at industrialiserte land har eit ansvar for å hjelpa fattige land når infrastrukturen deira vert tapt og skadd som følgje av ein varmare klode. Vedtaket var også viktig for å oppretthalda den heller skjøre tilliten mellom fattige og rike statar.
Denne tilliten heng likevel i ein tynn tråd. Av vedtaket frå Egypt kan me lesa at fondet skal hjelpa land som er «spesielt sårbare for dei ulike følgjene av klimaendringane». Kva land som vil nyta godt av dette fondet og ikkje er altså ikkje avklart. Det vil vera opp til ein komité beståande av 24 medlemmer – 10 frå industrialiserte land og 14 frå utviklingsland – å definera rammene for eit slikt fond.
Pakistans klimaminister jubla då vedtaket i Egypt vart fatta. Den enorme flaumen som ramma Pakistan tidlegare i år la ein tredel av landet under vatn, noko som øydela millionar av heimar, avlingar, skular, legekontor og vegar. Flaumen skapte ei stor bølgje med internt fordrivne og vassborne sjukdomar i eit land som sleit med store nok utfordringar frå før. Internasjonale organisasjonar har slått fast at dette ikkje var ein «vanleg» flaum, men at han kom som følgje av at temperaturen på jorda går opp. Årets flaum i Pakistan er eit av dei mest alvorlege tilfella av ekstremver som følgje av klimaendringar. Det nye FN-fondet for tap og skade må vera til hjelp ved katastrofar som flaumen i Pakistan om me skal kunna kalla det ein suksess.
Det betyr at ulike land uavhengig av såkalla økonomisk status må inkluderast – mellominntektsland så vel som MUL, «landlocked» land så vel som øystatar. «Spesielt sårbare» må definerast ut frå omfanget av katastrofen så vel som landets evne til å handtera krisa.

Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim (Sp)

Svar

Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim: Det er eit klart behov for auka midlar til å førebygge og handtere tap og skade som følge av klimaendringane. Regjeringa er derfor glad for at ein kom til semje under COP 27 i Sharm el-Sheikh om å styrke finansieringa av tap og skade til utviklingsland som er særleg sårbare for klimaendringane.
Det nye fondet for tap og skade som skal opprettast som ein del av styrkinga av finansieringsmekanismane retta mot tap og skade, skal støtte utviklingsland som er særleg sårbare for klimaendringane. Arbeidet med å operasjonalisere fondet har ikkje starta. Det ligg heller ikkje føre detaljar med omsyn til fondet si innretting. Det blir derfor for tidleg å gå inn på kva kriterier ein vil legge til grunn i fondet sitt arbeid. Det er likevel liten tvil om at Pakistan er eit utviklingsland som er svært sårbart for klimaendringane. Flaumkatastrofen i landet i haust er et sterkt døme på det.
Regjeringa ønsker å bidra aktivt til at det nye fondet blir eit målretta og effektivt verktøy for støtte til klimasårbare utviklingsland.