Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til finansministeren

Dokument nr. 15:476 (2022-2023)
Innlevert: 22.11.2022
Sendt: 22.11.2022
Besvart: 30.11.2022 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): På kva måte har Finansdepartementet tatt omsyn til inngåtte fastpriskontraktar (PPAar) og plasseringa av vindkraftverk i dei ulike prisområda ved utrekninga av provenyet frå grunnrenteskatt på vindkraft for 2023?

Begrunnelse

Finansdepartementet seier sjølv at utrekningane er svært usikre, og bransjen sjølv har gjennom pressa gitt uttrykk for at provenyet truleg er alt for høgt. Dette fordi ein må ta med i reknestykket at mykje vindkraft er plassert i NO3 og NO4, og/eller har inngått PPAar på eit prisnivå langt under forventa marknadspris for 2023 i dei øvrige regionane.
I svaret ber eg om ei oversikt over fordelinga av vindkraftverk/-produksjon i dei ulike prisområda, og kor stor del av vindkraftverka/-produksjonen som verken ligg i dei to nordlegaste prisområda eller har inngått PPAar.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

Svar

Trygve Slagsvold Vedum: Finansdepartementet har vore tydeleg på at provenyanslaget for grunnrenteskatt på landbasert vindkraft er svært usikkert og avheng av kva føresetnadar som vert lagt til grunn om pris.
I provenyanslaget er det teke omsyn til at vindkraftanlegg ligg i ulike prisområde. I fordelinga av vindkraftvolumet mellom prisområda NO1–NO5 er Norges vassdrags- og energidirektorat si vindkraftdatabase lagt til grunn. Provenyanslaget er gjort med utgangspunkt i framtidsprisar per 1. august 2022. Tidspunktet er valt av omsyn til budsjettprosessen i regjeringa. For NO1 er det lagt til grunn ei pris på 182,7 øre/kWh, for NO2 193,9 øre/kWh, for NO3 36,4 øre/kWh, for NO4 25,5 øre/kWh og for NO5 179,9 øre/kWh. Vidare er det ut frå skjønn gjort føresetnadar om volum og prisnivå for fastprisavtalar. Det er teke omsyn til at prisnivået på slike avtalar kan være vesentleg lågare enn spotmarknadsprisane vi for tida ser i Sør-Noreg.
Forslaget om grunnrenteskatt på landbasert vindkraft vil verte sendt på høyring innan utløpet av 2022. Alle som har innspel til forslaget, vert oppfordra til å sende inn høyringssvar. Departementet vil gå gjennom innspela før eit endeleg forslag vert lagt fram for Stortinget.