Sveinung Rotevatn (V): Vil regjeringa vurdere ei provenynøytral omlegging av barnetrygda, der støtta blir auka kraftig men skattlagt, for å sikre ein betre sosial profil på ordninga og gje meir til dei som treng det mest?
Begrunnelse
I VG 22. november tar tidlegare arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik til orde for å auke barnetrygda og skattlegge den som inntekt. Dette har også Venstre foreslått i vårt forslag til alternativt statsbudsjett for 2023. Regjeringa på si side har foreslått å vidareføre satsane nominelt, noko som reelt gir svekka kjøpekraft til barnefamiliane neste år.
Auke barnetrygd til alle er eit svært dyrt tiltak å gjennomføre. Det fører også til at mange som allereie har god økonomi vil få endå betre økonomi. Ei provenynøytral omlegging, derimot, vil kunne gi låginntektsfamiliar opp mot kr 7509 kr meir i månaden per barn, utan å auke statens utgifter. Spørsmålet er om dette er noko regjeringa vil vurdere.