Skriftlig spørsmål fra Anna Molberg (H) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:484 (2022-2023)
Innlevert: 22.11.2022
Sendt: 23.11.2022
Besvart: 01.12.2022 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Anna Molberg (H)

Spørsmål

Anna Molberg (H): Hvor langt har departementet kommet i prosessen siden januar 2022, og vil nåværende kommunalminister følge opp saken og gjøre noe med denne situasjonen?

Begrunnelse

26. januar 2022 besvarte tidligere kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram et spørsmål fra representanten Tobias Drevland Lund (R) om statsråden vil se på løsninger som sikrer at mottakere av arbeidsavklaringspenger ikke mister muligheten til å søke om bostøtte i de månedene de mottar tre AAP-utbetalinger. Svaret fra statsråden var at det er beklagelig at noen rammes av dette, og at han ønsker å få gjort noe med denne situasjonen, og vil sørge for at mulige løsninger blir utredet og vurdert.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Personar som mottek arbeidsavklaringspengar eller dagpengar, får oftast ytinga utbetalt kvar 14. dag, etter dei har levert meldekort. Med regelmessige utbetalingar kvar 14. dag, vil tre utbetalingar falle innafor same kalendermånad to gonger i året. Månadsinntekta som NAV melder inn i a-ordninga vil då vere høgare enn elles fordi den gjeld ytingar for i alt seks veker. Dei ti andre månadene i året vil NAV utbetale og melde inn ytinga for fire veker. Ytingar som NAV melder gjennom a-ordninga går normalt inn i den månadlege inntektsinformasjonen som Husbanken får utlevert frå Skatteetaten, og som er ein del av grunnlaget for svaret på bustøttesøknaden. Når månadsinntekta er høgare fordi ytingar for seks veker tel med, vil bustøtta som oftast bli lågare og i mange tilfelle falle heilt bort. Ekspertgruppa som nyleg har gått gjennom heile bustøtteordninga, har òg sett på dette spørsmålet. Dei viser til at ein kan tenkje seg å berekne bustøtte ut frå inntekt i fleire månader, eller å skjerme særskilte inntekter, men peiker på utfordringar med dette. I rapporten heiter det:

«Det er vanskelig å se at det eksisterer en enkel løsning som ikke gir andre utfordringer eller reiser prinsipielle spørsmål knyttet til likebehandling.».

Departementet arbeider vidare med oppfølging av ekspertgruppa sin rapport, herunder spørsmålet som representanten tek opp her. Eg vil kome attende til Stortinget på eigna vis om desse spørsmåla.