Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselministeren leggje fram kva fagleg forankringar ein har i dette prosjektet ang jordskjelvsproblematikken, og dokumentere at bygging av ein gedigen undersjøisk tunell og snart verdensrekord i bru i dette området er forsvarleg med desse jordskjelvpåverknadane?
Begrunnelse
Prosjektet kryssing av Romsdalsfjorden med Møreaksen i Møre og Romsdal, er planlagt rett igjennom omfattande jordskjelvforkastningar.
Noko av dei største målte jordskjelva i regionen er målt i dette området i kring Midsund og området ikring.
Mange undrar seg over at det kan være forsvarleg å legge ein undersjøisk tunell ned mot 350-400 m under havoverflata, i noko av landets verste jordskjelvområder.
Det er også planlagt omlag ny verdensrekord i bru over Julsundet som også sjølvsagt er utsatt for uønska bevegelsar i form av store jordskjelv.