Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:516 (2022-2023)
Innlevert: 25.11.2022
Sendt: 25.11.2022
Besvart: 05.12.2022 av utenriksminister Anniken Huitfeldt

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): NATOs generalsekretær seier at Tyrkia har rett til å forsvara seg mot terrorhandlingar.
Er utanriksministeren einig med Jens Stoltenberg i at bombinga av Aleppo og Kobani i Syria nyleg var sjølvforsvar, eller meiner ministeren at det er eit brot med folkeretten å angripe tettbebygde strøk i naboland?

Begrunnelse

Laurdag 19. november starta Tyrkia Operasjon sabel, med angrep mot kurdiske område nordaust i Syria og i Nord-Irak. Tyrkia har bomba fleire mål og påstår at over 250 menneske er drepne. Det har også blitt rapportert om at sivile mål som mellom anna ein flyktningleir har blitt treft av angrepa.
Tyrkia gjennomførte 25 luftangrep i Aleppo-provinsen og ved byen Kobani seint laurdag kveld. Områda som er ramma blir kontrollert av USA-støtta Syriske demokratiske styrkar (SDF). SDF spelte ei sentral rolle i kampen mot IS i Syria.
Tyrkia har også varsla at dei vil trappa opp med ein ny bakkeoffensiv. President Erdogan har mellom anna uttalt at “Det er ikkje snakk om at denne operasjonen vil bli avgrensa til berre ein luftoperasjon.”
Trass i at angrepa bryt med FN-paktas forbod mot angrepskrig, lar internasjonale fordømmingar venta på seg. Frå Tyrkia sine Nato-allierte har det nesten ikkje kome nokon reaksjonar på desse alvorlege folkerettsbrota. Og i eit intervju med SVT uttrykte NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg at “PKK er ein organisasjon som opererer frå både Irak og Syria. Dei er klassifisert som terroristar av EU og av andre organisasjonar. Tyrkia har rett til å forsvara seg mot terrorhandlingar.“

Anniken Huitfeldt (A)

Svar

Anniken Huitfeldt: Regjeringen anerkjenner at Tyrkia har sikkerhetsbehov og registrerer at tyrkiske myndigheter ser luftangrepene på mål i Syria og Irak i sammenheng med terrorangrepet i Istanbul 13. november. Regjeringen har fordømt terrorangrepet.
Samtidig har Irak og Syria krav på respekt for landenes suverenitet og territorielle integritet. Vi er bekymret for at angrepene bidrar til å destabilisere regionen og svekke Anti-ISIL-koalisjonens innsats for å bekjempe ISIL.
Norge forventer at alle parter respekterer folkeretten og beskytter sivile. Vi oppfordrer til deeskalering.