Skriftlig spørsmål fra Silje Hjemdal (FrP) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:542 (2022-2023)
Innlevert: 28.11.2022
Sendt: 28.11.2022
Besvart: 07.12.2022 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Silje Hjemdal (FrP)

Spørsmål

Silje Hjemdal (FrP): Vil familieministeren ta innover seg at mange foreldre og barn går glipp av samvær som følge av hvordan lovverket fungerer, og ta hensyn til barna og familienes beste ved å foreslå enkeltendringer i lovverket inntil ny helhetlig lov er på plass (Disse menneskene har ikke mer tid å miste)?

Begrunnelse

Denne helgen kunne vi igjen lese en hjerteskjærende historie om hvordan samværssabotasje rammer fedre og barn.
Som ministeren er kjent med har jeg ved en rekke anledninger purret på arbeidet med ny barnelov og oppfølging av FrPs gjennomslag i Innst. 264 S (2020–2021).

«I
Stortinget ber regjeringen ved oppfølgingen av NOU 2020:14 Ny barnelov – Til barnets beste, utrede strengere reaksjoner som kan motvirke samværshindring.
II
Stortinget ber regjeringen ved oppfølgingen av NOU 2020:14 Ny barnelov – Til barnets beste, utrede om det er behov for å gjøre justeringer i barnebidragsreglene for å sikre at økonomi ikke blir en drivende faktor for samværshindring.»

For noen uker siden tok jeg også dette samfunnsproblemet opp med familieministeren i muntlig spørretime. Kort oppsummert var svaret at det måtte flere utredninger til, noe som kan tyde på at arbeidet med en ny lov kan ta flere år.
Helgens sak i TV2 viser at familiene ikke har denne tiden, da rettskraftige dommer ikke tas hensyn til og foreldre som har retten på sin side, likevel straffes hardt økonomisk ved at den andre foreldre fortsetter saboterer samvær.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Barnelovutvalet føreslo ikkje endringar i lova når det gjeld reaksjonar mot samværshindring. Fleirtalet i utvalet kom til at verken trekk i barnebidrag eller tvangshenting bør vere tilgjengelege verkemiddel der den eine forelderen hindrar samvær. Utvalet føreslo derimot å kunne ileggje ei form for støtte ved gjennomføring av samvær. Departementet arbeider med å følgje opp Barnelovutvalet si utgreiing. Det er eit mål at ei ny barnelov skal bidra til at fastsett samvær blir gjennomført, at foreldrekonfliktar reduserast og at ugrunna stans i samvær førebyggjast.

Eg ynskjer og å sjå på praksisfeltet og mitt departementet har gitt Bufdir oppdrag om å identifisere utfordringar i saker som gjeld samværshindring. Føremålet med Bufdirs utgreiing, som nyleg er lagt fram, har vore å vurdere om det er mogleg å få til ei meir effektiv og heilskapleg handsaming av desse sakene. I arbeidet har det blitt tydeleg at det er fleire ulike årsaker til at det oppstår stans i samvær, og at saksfeltet er samansett. Direktoratet har difor heller ikkje avdekka at det er eitt enkelt grep som kan løyse desse sakene. Bufdir meiner at tilbodet i tenestene som møter desse familiane ikkje er heilskapleg, samordna og effektive, og at det er fleire tiltak som kan betre tilbodet. Bufdir viser dessutan til at omgrepet «samværshindring» er eit ladd omgrep, og ikkje dekkjande for heile dette komplekse saksfeltet. Dei tilrår det meir nøytrale omgrepet «stans i samvær», som kan romme ulike tilfelle.

Bufdir viser til at det er avgjerande å satse på førebygging, tidleg identifisering og intervensjon for å løyse saker om stans i samvær. Direktoratet har føreslått fleire tiltak for å bøte på utfordringane i desse sakene. Tiltaka gjeld å få til tettare og meir strukturert samarbeid mellom dei involverte aktørane, å heve kompetansen hos dei ulike aktørane, å skaffe meir forsking og å iverksette tiltak som reduserer økonomi som konfliktdrivar. Dette er ikkje tiltak som krev lovendring. Eg vil gi Bufdir i oppdrag for 2023 å vurdere vidare oppfølging av rapporten.

Økonomiske omsyn og insentiv kan forsterke konfliktar om samvær. Departementet arbeider med å følgje opp oppmodingsvedtak 715 av 9. mars 2021 om å greie ut om det er behov for å justere regelverket for barnebidrag for å sikre at økonomi ikkje blir ein drivande faktor for samværshindring. Som nemnt i svaret til representanten Hjemdal 24. mars 2022, har departementet allereie sett på kva som kan gjerast innanfor gjeldande bidragsregelverk for å motverke samværshindring. Departementet har mellom anna bedt om at NAV i større grad viser bidragssaker til domstolane for rettsleg avklaring der foreldrekonflikten om samvær er særleg fastlåst. NAV skal òg føre vidare praksisen med å vente med å gjere vedtak om barnebidrag når det er usemje om samværet og ei rettsleg avgjerd om samvær ikkje er langt unna. Det er domstolane som her vil vere dei rette til å handtere saka, mellom anna på grunn av deira moglegheit for ei brei opplysing av saka ved bevisføring. Domstolane skal og vurdere kva som er barnets beste i den einskilde saka, og dei kan høyre barnet. Departementet vurderer vidare om det er behov for andre endringar når det gjeld barnebidrag. Det er naudsynt å sjå dette i samanheng med andre forslag til endringar i barnelova.