Skriftlig spørsmål fra Grunde Almeland (V) til kultur- og likestillingsministeren

Dokument nr. 15:564 (2022-2023)
Innlevert: 29.11.2022
Sendt: 30.11.2022
Besvart: 07.12.2022 av kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen

Grunde Almeland (V)

Spørsmål

Grunde Almeland (V): Vil statsråden, i tråd med staten sine eigne lovfesta språkpolitiske ambisjonar, vurdere å stille talfesta krav til nynorskbruk når staten skal forhandle ny avtale om kommersiell allmennkringkasting?

Begrunnelse

Dagens avtale mellom staten og TV2 om levering av kommersielle allmennkringkastingstenester gjeld frå 2019 og ut 2023. I framlegget til statsbudsjett for 2023 skriv Kultur- og likestillingsdepartementet om behov for og innhaldet i kunngjering av ein ny avtale etter 2023.
Både Medietilsynet, Noregs Mållag og Språkrådet har meint at ein ny avtale må ha sterkare språkpolitiske føringar, i tråd med den nye språklova som slår fast at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk, som det minst bruke av dei to norske skriftspråka. Ei formulering som også er slått fast i regjeringa si eiga politiske plattform.
I gjeldande avtale ligg det berre eit generelt krav om at begge målformer skal nyttast. Dette kan argumenterast for at ikkje er godt nok. Verken i lys av den språklege røyndomen der bokmålet dominerer og nynorsken er for lite brukt og sett, eller i lys av dei språkpolitiske føringane i lovverket og regjeringa sine eigne uttalte ambisjonar for mindretalsspråket nynorsk.
Det er difor tankevekkjande å lese regjeringa sine eigne drøftingar om eit slikt krav i budsjettproposisjonen. Dei vil ikkje talfeste nynorskbruk fordi

«minimumskravene til språk ikke dekkes av kompensasjonen som staten yter».

Dette vil det jo vere staten sjølv som avgjer, men departementet har konkludert med at det

«ikke vil være rimelig å stille kvantitative krav til hvor mye av innholdet som skal være på nynorsk».

Ei talfesting av nynorskbruken i TV2, både på fjernsyn, men ikkje minst på tv2.no, vil vere viktig av fleire grunnar. Det vil gje eit konkret tal å strekkje seg etter, og vonleg raske resultat. Det vil bidra til at innbyggjarane får sjå meir nynorsk, og det vil styrkje nynorsk som pressespråk.
Representanten håpar difor at kultur- og likestillingsministeren vil revurdere signala frå budsjettproposisjonen, og gå til forhandlingar med eit skjerpa språkmandat og omsyn for mindretalsspråket nynorsk.

Anette Trettebergstuen (A)

Svar

Anette Trettebergstuen: I meldingsdelen til statsbudsjettet for 2023 presenterer regjeringa planane for kunngjering av ein ny avtale om kommersiell allmennkringkasting på TV etter 2023. I tillegg til allmennkringkastarinnhaldet (som blir kompensert av staten), må det etter dagens avtale også oppfyllast ei rekke minimumskrav som ikkje blir kompensert av staten. Det blir mellom anna stilt krav til omfanget av norskspråklege program, og til bruk av både nynorsk og bokmål i sendingane.
I Medietilsynet sin rapport «Evaluering av kompensasjonsordning for kommersiell allmennkringkasting» tilrår Medietilsynet at den nye avtalen framleis skal stille minimumskrav som ikkje blir kompensert. Medietilsynet foreslår somme justeringar i krava, mellom anna at kravet til nynorsk blir kvantifisert.
Som det går fram av meldingsdelen til statsbudsjettet vil regjeringa ikkje kvantifisere kravet til nynorsk i avtalen om kommersiell allmennkringkasting. Det skuldast at minimumskrava til språk i avtalen ikkje vil bli kompensert. Det vil derfor ikkje vere rimeleg å stille kvantitative krav til kor mykje av innhaldet som skal vere på nynorsk, ut over at begge dei offisielle norske målformene skal nyttast.
I grunngjevinga for spørsmålet framhevar representanten at «Ei talfesting av nynorskbruken i TV 2, både på fjernsyn, men ikkje minst på tv2.no, vil vere viktig av fleire grunnar». Eg understrekjer i denne samanhengen at den nye avtalen ikkje vil omfatte nettaviser som tv2.no og at allmennkringkastingsoppdraget ei heller er reservert for TV 2.