Skriftlig spørsmål fra Tage Pettersen (H) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:573 (2022-2023)
Innlevert: 30.11.2022
Sendt: 30.11.2022
Besvart: 09.12.2022 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Tage Pettersen (H)

Spørsmål

Tage Pettersen (H): Vil statsråden prioritere opp arbeidet med å implementere EUs forordning om digitale tjenester for å få denne implementert i norsk lov så raskt som mulig?

Begrunnelse

Én million nordmenn bruker sosiale medier-plattformen TikTok. Stiftelsen Tinius og Datatilsynet er ifølge NRK bekymret for at informasjon om dem ender opp i Kina.
Stavrum fra Tinius skal i et møte ha spurt en representant fra TikTok om hen kunne avvise at informasjon om norske brukere havner i Kina. Det kunne ikke representanten avvise, forteller Stavrum til NRK.
Det er mange barn og unge som er mye på TikTok, men det er også mange norske myndighetspersoner, statlige enheter og redaksjoner som er på plattformen.
I Sverige har det gått ut en beskjed til alle ansatte i regjeringsapparatet om at TicToc bør slettes og at man etter 1. desember ikke lenger kan benytte apper for e-post, kalender og dokumenthåndtering om TicToc ikke er fjernet fra telefonen.
Datatilsynet sier i NRKs sak at de i flere år har vært bekymret og at de jobber så godt de kan med problemstillingen innenfor dagens regelverk.
EU vedtok tidligere i år en forordning om digitale tjenester. Regjeringen sier at de nå vurderer om denne skal implementeres også i norsk lov.
Formålet er at forordningen skal bidra til å regulere de store teknologiselskapene strengere. Blant annet ved å gjøre det vanskeligere for dem å dele data på tvers av plattformer og tydeligere krav om økt åpenhet.
Til NRK sier statssekretær Gunn Karin Gjul i Kommunal- og distriktsdepartementet at de tror og håper dette vil gi styrket personvern og bedre oversikt over datadeling for norske brukere. Hun avslutter med at hvert enkelt land er ikke i stand til å regulere det alene.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Digitalisering gjev store mogelegheiter for samfunnet og Noreg ligg langt framme i utviklinga. Samstundes er det viktig at vi er bevisst utfordringa som kan vere knytt til digitale tenester. Regjeringa vil beskytte innbyggjarane mot digital overvaking og påverknad og mellom anna stille strengare krav til private selskap si deling av data. Auka digitalisering gjev store personvernutfordringar, og den teknologiske utviklinga kan utfordre viktige personvernomsyn.
Forordninga om digitale tenester (DSA) blei vedtatt 19. oktober i EU, og skal bidra til å gjere internett tryggare å bruke. Nasjonale tilsynsmyndigheiter skal få meir innsyn i korleis selskapa opererer og korleis dei brukar og behandlar data. Forordninga inkluderer ei innstramming i åtferdsbasert marknadsføring ved å fastsetje eit forbod mot målretting av reklame mot barn og unge. Det blir også forbode å målrette reklame basert på sensitive opplysningar, for eksempel opplysningar om legning, etnisitet og religion. Forordninga fastset vidare eit forbod mot såkalla «dark patterns», eller manipulativ design. Ho skal med andre ord hindre at selskap utformar nettsider og innhald slik at folk samtykker til noko dei eigentleg ikkje vil.
Forordninga inneheld også krav som skal bidra til å motverke ulovleg innhald på nett, og innfører mekanismar som kan effektivisere melding til politiet, og fjerning av ulovleg innhald. Det skal bli gitt ei grunngjeving til brukaren om kvifor noko blir fjerna, ein skal kunne klage, det fastsettast rapporteringskrav knytt til kor mykje innhald som har blitt fjerna og redigert, og det skal sikrast at seljarar på nett kan sporast på handelplattformer.
Forordninga om digitale tenester dannar saman med forordninga om digitale marknadar (DMA) ei reguleringspakke som mellom anna skal hindre åtferd på nett som er skadeleg for konkurransen og sluttbrukarane. I forordninga om digitale marknadar blir det sett krav til at dei største tek-selskapa ikkje skal kunne samanstille data på tvers av ulike tenester eller plattformer utan eksplisitt samtykke.
Kommunal- og disktriksdepartementet leiar ei arbeidsgruppe om DSA og DMA som består av berørte departement og tilsyn. Noreg har både aleine og saman med EFTA kome med innspel og synspunkt til EU-sida på rettsaktene før dei blei vedtatt. Arbeidsgruppa arbeider vidare i to delvis parallelle løp, eitt saman med EØS-EFTA-landa som ser på behov for tilpassing ved ei eventuell innlemming i EØS-avtalen. Europakommisjonen blir i forordninga gitt kompetanse til å handheve reglane for dei aller største tek-selskapa. Dette er ein omfattande prosess, og det er vanskeleg å anslå kor lang tid det vil ta. Men saka har høg prioritet frå vår side. Ved ei innlemming i EØS-avtalen vil det bli tatt atterhald om Stortingets samtykke.
Det andre løpet gjelder spørsmål som oppstår ved ei eventuell gjennomføring i nasjonal rett og arbeidsgruppa er også i gang med å vurdere dette.