Skriftlig spørsmål fra Astrid Aarhus Byrknes (KrF) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:584 (2022-2023)
Innlevert: 01.12.2022
Sendt: 02.12.2022
Besvart: 08.12.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Astrid Aarhus Byrknes (KrF)

Spørsmål

Astrid Aarhus Byrknes (KrF): Vil statsråden gripa inn og be Statens vegvesen gjere det planarbeidet som må til, og kor lenge vil prosjektet bli utsatt om ikkje midler til planleggjinga kjem på plass i 2023?

Begrunnelse

Statens vegvesen (SVV) varsla nyleg pause i planlegginga av Nordhordlandstunnelen i Bergen. Den 25.11.2022 kunne vi lese i Bergens Tidende at prosjektet var i ferd med å starte opp, men at SVV var komen i ei klemme uttalte prosjektdirektør Kjartan Hove i SVV. Dette fordi det er kutta kraftig i planleggingsmidler generelt, og SVV set derfor dette viktige samferdsle, trafikksikring og beredskapsprosjektet på vent. At SVV ikkje vel å prioritere å planleggje dette vegprosjektet er både forunderleg og oppsiktsvekkjande.
Nordhordlandstunnelen er eit overmodent prosjekt med høg samfunnsøkonomisk effekt. Over 20.000 ÅDT gjer at prosjektet er overmodent. Prosjektet er tenkt å avlasta dagens E39-trase mellom Vågsbotn og Nordhordlandsbrua.
Det er avgjerande at prosjektet vert planlagt og at reguleringsarbeidet kjem raskt i gong slik det er lova over lang tid..
Prosjektet hadde brei tverrpolitisk støtte når innerverende NTP i juni 2021 ble vedteke. SVV kan med dei midlane som er løyva sjølv prioritere, då midlane slik denne representanten forstår det ikkje er øyremerka dei ulike vegprosjekta i NTP.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Eg viser til svar på spørsmål nr. 534 om same sak. Som det går fram der har regjeringa i forslaget til statsbudsjett for 2023 sett det som naudsynt å dempe innsatsen på - og prioritere strengare innanfor - samferdselssektoren. Målet er å unngå ytterlegare press i norsk økonomi.
Fram til neste nasjonale transportplan blir lagt fram våren 2024, vil regjeringa sin hovudstrategi vere å ta vare på eksisterande veg- og jernbaneinfrastruktur og fullføre dei mange prosjekta over heile landet som anten er påbegynt eller er i oppstartsfasen. Dei næraste åra vil det vere mindre rom for å starte opp store investeringsprosjekt enn det som følgjer av Nasjonal transportplan 2022–2033, og det vil ta lengre tid å gjennomføre dei prioriterte prosjekta. Det betyr også at Statens vegvesen må tilpasse planleggingsaktiviteten sin i 2023 og i etterfølgjande år ut frå at det er avgrensa rom for vekst.
Regjeringa har sørgt for at E39 Vågsbotn–Klauvaneset, ofte omtalt som «Nordhordlandstunnelen», no er lagt inn i Statens vegvesens portefølje. På denne måten vil det få ei reell vurdering i dei årlige porteføljeprioriteringane opp mot dei andre prosjekta som inngår i Nasjonal transportplan.