Liv Kari Eskeland (H): Havvindbransjen ventar på avklaringar frå regjeringa mellom anna knytt til Statnetts rolle, ansvar og rammer for finansiering og eigarskap av nettet til havs.
Når kan ein vente at regjeringa gir desse nødvendige avklaringane?
Begrunnelse
1. desember lanserte regjeringa havvind som første satsingsområde i eksportstrategien sin. På lanseringa var næringsaktørane tydelege på at dei treng snarleg klarheit i rammevilkår for å komme i gang med ein heimemarknad. Det må skje raskt om ein skal ha sjans til å nå målet om dei første havvindprosjekta i drift før 2030.
Regjeringa sa i tilleggsmeldinga at dei ville komme tilbake til nærare rammar for Statnetts planleggingsrolle for havnettet, og dessutan at dei ville arbeide vidare med avklaringar rundt bygging og eigarskap av nettet til havs og korleis det skal finansierast. Det vart også sagt at Statnett skulle peikast ut som systemansvarleg etter havenergilova for kablar og anlegg som ikkje blir regulert av petroleumslova, som endå ikkje er formalisert.
Ei avklaring på mellom anna desse spørsmåla er ein føresetnad for framdrift i havvindprosjekta i Noreg og utvikling av ein heimemarknad. Prosjekta på Utsira Nord og Sørlige Nordsjø ll vil igjen leggje grunnlaget for ein eventuell eksportsuksess av norsk teknologi og kompetanse.