Alfred Jens Bjørlo (V): Kva er planlagt framdrift for finansiering og realisering av byggetrinn 2 ved Stavanger Universitetssjukehus?
Begrunnelse
Byggetrinn 1 av nye Stavanger Universitetssjukehus er no i full gang, med planlagt ferdigstilling og innflytting i 2024. I dette byggetrinnet skal alle somatiske senger, akuttfunksjonar og naudsynte støttefunksjonar flyttast til Ullandhaug.
I Byggetrinn 2 er planen å samle all pasientbehandling på Ullandhaug, etablere eigna lokale for forsking og undervisning tett på den kliniske pasientbehandlinga og etablere eigna lokale for opplæring av pasientar og pårørande.
Byggetrinn 2 er pr no ikkje finansiert, og det ligg ingen avklaringar om vidare framdrift i statsbudsjettet for 2023. Det betyr høgst truleg at byggetrinn 2 ikkje kan stå ferdig til 2030, slik den opprinnelege planen var. Fram til ei slik avklaring kjem, vil mellom anna dagkirurgi, rehabilitering poliklinikk og døgn, radiologi og laboratorie, BUP og psykisk helsevern for vaksne bli verande på noverande lokasjon på ubestemt tid, og ikkje bli del av ei framtidsretta samlokalisering.