Sveinung Rotevatn (V): Kan statsministeren gjere greie for kva som skil "PR-bransjen" frå "konsulentfirma som driv med økonomisk analyse", og korleis dette skiljet styrer ulike krav til openheit rundt kundelister som SMK stiller til politiske medarbeidarar?
Begrunnelse
I Aftenposten 7. desember svarar SMK på spørsmål om utnemninga av ein ny statssekretær som har bakgrunn frå konsulentfirmaet McKinsey. Vedkomande har ikkje gjort kjent for offentlegheita kva kundar han har jobba for, og dette er heller ikkje gjort kjent for regjeringsråden eller andre på SMK.
Dette står i skarp kontrast til dei krav statsministeren og regjeringspartia meinte det var rett å stille rundt slike utnemningar - så lenge dei var i opposisjon. Som bakgrunn for kvifor det ikkje blir vist openheit rundt kundelister i denne konkrete utnemninga har statssekretær Kristine Kalset latt set intervjue av Aftenposten. Eg siterer frå artikkelen:
"I en e-post skriver hun at Thoner har redegjort for at McKinsey ikke gir råd av politisk art. Selskapet «driver med økonomisk analyse» og «tilhører en annen bransje enn PR-bransjen»."
Sidan dette skiljet tydelegvis har vore avgjerande for kva krav til openheit SMK stiller til sine medarbeidarar, er det av interesse om statsministeren kan gjere greie for korleis dette skiljet er definert, og kva openheitskrav han stiller for dei ulike bransjebakgrunnane.