Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:654 (2022-2023)
Innlevert: 08.12.2022
Sendt: 08.12.2022
Rette vedkommende: Fiskeri- og havministeren
Besvart: 15.12.2022 av fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren gjere greie for korleis Herøy kommune skal kunne kome vidare med det svært viktige utdjupingsprosjektet av Fosnavåg havn, og kan samferdselsministeren sørge for at kystverket og statsforvaltaren og andre statlege mynde, samhandlar best mogeleg med Herøy kommune slik at prosjektet snarleg kan realiserast?

Begrunnelse

Herøy kommune er ei av seks kommunar som signerte forskoteringsavtale på prosjekt i gjeldande NTP, knytt til fiskerihamne- og farledsprosjekt.
Kystverket/samferdselsdepartementet har heile vegen vore svært tydeleg på at den økonomiske ramma og gjennomføring av prosjektet er avgrensa til forskoteringsavtale, uavhengig av endringar som kan kome.
Felles for prosjekta er at dei låg i andre del av NTP, og med det ikkje var ferdig prosjektert og risikovurderte. Men gjennom forskoteringsavtalar overtok kommunane ansvaret og risikoen for gjennomføring – til tross for at dei på dette tidspunktet var langt frå gryteklare.
Der er sett ei rekke krav til gjennomføring, og alle vilkår i avtalen skal vere oppfylt for at kommunane skal få refundert utgiftene sine. Eventuelle endringar må omsøkast til samferdselsdepartementet.
Herøy kommune har hatt eit særleg krevjande forskoteringsprosjekt. Massene som ligg i hamna er av særleg krevjande karakter, i stor grad karbonhalding og til dels forureina som fylgje av generasjonar med aktiv næringsverksemd rundt hamnebassenget.
Deponialternativet som låg til grunn for den ytre ramma i avtalen har ikkje vore mogleg å følgje opp, og parallelt med framdrifta i prosjektet har miljømynde kome med eigen rettleiar som fraråder å bygge på deponi. I henhald til avtalen vert det vist til at massene skal deponerast i indre hamn og nytt landareal vert etablert i bakkant. I dialog med Kystverket har det vore understreka av deponi skal utløyse nytt næringsareal – ei motsetning: næringsareal på eit deponi som det er frårådd å bygge på.
Dette har ført til eit omfattande utredningsarbeid for å finne eigna lokalitet for å deponere massene frå farledsutbetringa – og i ei kommune som i stor grad består av bebudde holmar og skjer er det utfordrande å finne eigna lokalitet for deponi som ikkje skal brukast til noko i ettertid.
I utredningsarbeidet vart kommunen geleida vidare til å sjå på sjøbunnsdeponi som ei løysing i dette tilfellet – då også statlege miljømynde kunne peike på fleire stadar der dette har vore løysinga på handtering av masser.
Kommunen har gjennom eit omfattande utgreiingsarbeid peika ut to alternative lokalitetar i sjø, som er dokumentert egna for deponi. Men opplever motstand frå koordinerande statleg mynde.

Bjørnar Skjæran (A)

Svar

Bjørnar Skjæran: Aller først vil eg peike på at risikoen for at det oppstår uventa utfordringar i eit prosjekt ofte vil være betydeleg høgare om prosjektet blir sett i gong før det er tilstrekkeleg utgreidd og modent. Slik eg ser det, kunne nok dette perspektivet ha vore betre ivaretatt da førre regjering handsama spørsmål om forskottering av prosjekter.
Stortinget vedtok ved handsaminga av budsjettet for 2019 at Samferdselsdepartementet kunne inngå avtaler om forskottering av midlar til fiskerihamner og farleier ut over gitt løyving med eit samla beløp på inntil 550 mill. kroner. Samferdselsdepartementet delegerte fullmakt til å inngå avtaler om forskottering av prosjekt til Kystverket. Kystverket har inngått forskotteringsavtaler med seks kommunar, mellom anna Herøy kommune for prosjekt i Fosnavåg fiskerihamn.
Avtalen er utarbeidd med bakgrunn i kommunen sin søknad om forskottering av eit prosjekt som på det tidspunktet ikkje var ferdig planlagt frå Kystverket si side. Avtalen er inngått med føresetnad om at ferdigstilling av prosjektering, innhenting av løyve og gjennomføring av utbygging skjer i regi av Herøy kommune. Kommunen er ansvarleg for at anskaffingar og gjennomføring skjer i tråd med gjeldande lover og reglar.
Kommunen sitt vidare arbeid med prosjektet har avdekt store utfordringar med deponering av dei forureina massane som vil bli mudra i samband med utdjupinga i hamna. Massane var opphavleg planlagt plassert i cellespuntdeponi innerst i hamna for å etablere nytt næringsareal. Kommunen si utgreiing har vist at massane var delvis ueigna til dette formålet og at det dermed har vore utfordrande å plassere massane på land. Kommunen har vurdert fleire ulike stader utan at nokon har vist seg å vere eigna. Kommunen har vidare utgreidd moglege lokasjonar for deponi på sjøbotn.
Slik status i prosjektet er no, er det ikkje realistisk å rekke fristen for ferdigstilling av prosjektet som står i forskotteringsavtalen. Kystverket har ved fleire tilfelle gitt råd til kommunen, Statsforvaltaren og Miljødirektoratet, både samla og kvar for seg gjennom ulike møter og korrespondansar. Kystverket rådgir også kommunen fortløpande med rettleiing i samband med handtering av forskotteringsavtalen. Kommunen kan framleis søke om vidare utsetting av oppstart og ferdigstilling av prosjektet, og Kystverket og departementet vil handsame ein slik søknad raskt.
Avtalen har ei definert øvre kostnadsramme og beskriv kva kommunen etter gjennomført prosjekt vil kunne få refundert i perioden 2024-2029. Om kommunen brukar meir midlar enn førespegla i avtalen må kommunen dekke mellomlegget sjølv. Dersom kommunen skulle velje å trekkje seg frå forskotteringsavtalen, vil kommunen måtte dekke kostnader som har kome til sjølv. Etter eit slikt eventuelt utfall vil Kystverket vurdere tiltaket i samband med rullering av Nasjonal transportplan. Kystverket vil da vurdere tiltaket etter fastsette prioriteringskriterier, der både modenskap og netto nytte er viktige premisser.