Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:656 (2022-2023)
Innlevert: 08.12.2022
Sendt: 08.12.2022
Besvart: 16.12.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren gjere greie for om det kan vere muligheit for fylkeskommunen og kommunane om å få med staten på eit spleiselag for å få rassikra eit av landets viktigaste reiselivsikon og nasjonal turistvegområde som Trollstigen faktisk er?

Begrunnelse

Trollstigen på FV 63 er eit av landets største reiselivsområder med ca. 1 million turistar på besøk kvart år.
Fv 63 i dette området er også nasjonal turistveg.
Det er i lengre tid vore utfordringar i området Trollstigen med ras og steinsprang. Fylket har fleire alternativ til rassikring men manglar midlar til å kunne gjennomføre dette tiltaket innafor rassikringsmidlane fylket mottek.
Den opprinnelige rassikringsposten 31 på statsbudsjettet er no tatt vekk og rassikringsmidlane ligg inne i riksveginvesteringsposten. Denne posten er også i årets budsjett kutta ned, og det er stor bekymring for at dette vil kunne gå ut over rassikringsmidlane og muligheita for rassikring av viktige prosjekt rundt omkring i landet.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: På Trollstigen er vegeigar Møre og Romsdal fylkeskommune. Det er fylkeskommunen som har ansvaret for og er gitt finansiering til rassikring av vegen gjennom rammetilskotet. Statens vegvesen har ansvar for bygg og utsiktspunkt på Trollstigen som ein del av strekninga Nasjonale turistvegar. Statens vegvesen er i gang med å reparere og bygge opp igjen bygget etter snøskredet i vår. For nytt bygg vil det bli tiltak for å beskytte mot eventuelle framtidige skred. For Nasjonale turistvegar er det ikkje rom for finansiering ut over aktuelle prosjekt knytt til Nasjonale turistvegar sine rasteplassar og utsiktspunkt.
Statens vegvesen opplyser at dei har god dialog med fylkeskommunen når det gjeld drift av rasteplass, Fv. 63 og opprydding etter snøskredet.