Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til finansministeren

Dokument nr. 15:695 (2022-2023)
Innlevert: 08.12.2022
Sendt: 12.12.2022
Rette vedkommende: Kommunal- og distriktsministeren
Besvart: 20.12.2022 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Vil statsråden ta avstand frå at demokratiske prinsipp ikkje er viktig i Stranda kommune, der ordføraren stadfestar i kommunestyret den 23/11-2022 at, "saka mykje viktigare enn å snakke om demokratiske rettar"?

Begrunnelse

Heile vårt folkevalgte system og demokrati, er faktisk tufta på demokratiske rettar og respekt for dette. Dette er godt forankra i gjeldande norsk lov.
Demokratiet vårt er forankra etter eit folkevalgt prinsipp der folket som er valgt inn i til dømes eit kommunestyre, styrer etter gjeldande reglar og lovverk slik som kommunelova og forvaltningslova.
Ingen kan opptre utover desse demokratiske prinsipp, og der finnast ikkje saker eller andre grunnar til å setje demokratiske prinsipp til side. Dette høyrer til andre autoritære og diktatoriske regimer og styresett.
I kommunestyremøtet i Stranda kommune den 23/11-2022, sette ordføraren opp på sakskartet igjen ei sak ang. salg av kommunen sitt kraftverk, sjølv om det var mindre enn nokre få veker sidan kommunestyret i sak 84/22 vedtok samrøystes å IKKJE selge det lokale E-verket.
Ordføraren sette seg sjølv inn som saksbehandlar, saksansvarleg og innstilte til vedtak i ny sak 106/22 til kommunestyremøtet den 23/11-2022, også då gjeldande salg av det lokale kraftverket. Rådmannen vart sett totalt til side, og kunne såleis ikkje overholde sine gjeldande saksbehandlingsrettar og plikter.
Når saka skulle setjast på dagsorden, vart det frå ein av kommunestyrets representant fremma krav om at saka vart avvist med bakgrunn i at demokratiske prinsipp vart brotne, og at det ikkje var respekt for eit samrøystes vedtak i kommunestyret for få veker sidan.
Ordføraren svarar då følgjande:

"Saka mykje viktigare enn å snakke om demokratiske rettar."

At ein SP-ordførar setter til side demokratiske rettar i kommunestyret i Stranda kommune, må være unikt i folkevalgt samanheng.
I dei fleste folkevalgte organ og i kommunar i dette landet er det begrensningar på kor tidlig etter eit lovleg fatta vedtak, faktisk kan takast opp att til behandling i samme folkevalgte organ. I Ålesund kommune til dømes er dette eit halvt år, i Stortinget eit heilt år.
Det er alvorleg når demokratiske prinsipp blir satt til sides, og enda værre er det når ein ordførar i ei norsk kommune faktisk uttrykker at demokratiske prinsipp ikkje betyr noko over open mikrofon.
Kommunestyremøta er heldigvis på Web tv i Stranda kommune, og sitata i dette spørsmålet kan kven som helst gå inn og høyre.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Sakshandsaminga og det politiske ordskiftet i kommunestyret i Stranda kommune er dei lokale folkevalde sitt ansvar innanfor dei rammer som kommunelova set. Kommunelova legg godt til rette for lokalt folkestyre og eit sterkt representativt lokaldemokrati. Lova fastset naudsynte rammer for det kommunale sjølvstyret som òg gir vern til eit mindretal, samtidig som lova gir kommunane handlefridom. Kommunar har sjølv ansvar for å følgje lova. Det er ikkje mi oppgåve å kommentere verken saksførebuing eller uttalar i einskildsaker, men eg kan seie noko generelt om ansvar, plikter og rettar som fylgjer av lova. Utan omsyn til kven som har førebudd ei sak, er det kommunestyret sjølv (dersom saka vert handsama der) som avgjer om saka er greidd ut tilstrekkeleg til at det kan gjerast eit vedtak. Lova slår fast at folkevalde organ med alminneleg fleirtal kan vedta å utsette handsaminga av ei sak på sakslista. I tillegg følgjer det av lova at i tilfelle der kommunedirektøren blir merksam på faktiske eller rettslege tilhøve som har sentral betyding for gjennomføringa av eit vedtak, skal kommunedirektøren gjere det folkevalde organet merksam på dette, jf. § 13-1 fjerde ledd. På denne måten vil det folkevalde organet få mogelegheit til å gjere om på sitt eige vedtak. Tre eller fleire medlemmer av kommunestyret kan òg krevje lovlegkontroll av eit vedtak fatta av kommunen.
Kommunelova skil mellom det folkevalde og det administrative nivået i ein kommune. Dette kjem mellom anna til uttrykk gjennom ei deling av funksjon og ansvar mellom folkevalde og kommunedirektøren. Kommunelova § 13-1 tredje ledd slår fast at kommunedirektøren «skal påse» at saker som vert lagt fram for folkevalde organ, er forsvarleg utgreidde. Utgreiinga skal gje dei folkevalde eit faktisk og rettsleg grunnlag for å treffe vedtak. Kommunedirektøren har eit sjølvstendig, fagleg ansvar for innhaldet i utgreiinga.
Sjølv om det klare utgangspunktet etter lova er at kommunedirektøren har ansvaret for utgreiing av saker, har lova ingen føresegn som forbyr ordføraren eller andre folkevalde frå å førebu saker for folkevalde organ. Ordføraren sitt ansvar følgjer mellom anna av kapittel 6 i kommunelova og av føresegna som gjeld for leiaren av folkevalde organ i kapittel 11. Ordføraren skal til dømes setje opp sakslista til møte i kommunestyret og formannskapet og vere leiar av desse møta. Dette inneber at ordføraren òg har eit ansvar for å sjå til at saker er tilstrekkeleg førebudde.
Kommunelova har ikkje reglar om kva for saker eller til kva tid saker kan setjast opp på sakslista. Dette inneber at ordføraren i utgangspunktet har stor fridom til å velje kva for saker som skal handsamast i eit møte. Ei sak skal likevel setjast på sakslista dersom minst 1/3 av medlemmane i organet krev det.