Astrid Aarhus Byrknes (KrF): Vil regjeringen som største eigar av TCM sikre ein ny periode etter 2023, med rammevilkår som skaper tryggleik for arbeidsplassar og føreseielege rammer for drifta og når tid starter eventuelt prosessen med kva som vil skje etter 2023 opp?
Begrunnelse
Teknologisenter Mongstad (TCM) har sidan starten i 2012 testa og verifisert teknologiar for CO2-fangst og lagring. Senteret er ein svært viktig arena for kvalitetssikring av reinseteknologi og er derfor ein svært viktig del av løysinga på klimakrisa. Gjennom å byggje bru mellom teknologiutviklarar, vitenskap og industriell anvending av teknologiar for CO2-fangst, har senteret blitt eitt av dei mest komplekse industrianlegga vi har Norge.
TCM bidrar også inn i eit viktig arbeid med «Greenspot Mongstad» som er eit samarbeid om grøn omstilling i eit breitt partnarskap mellom fleire aktører som bl.a. kommunar, Nordhordland Næringslag og Industriutvikling Vest for å nevne nokre.
TCM har driftsmidler ut 2023. Då er perioden ein er inne i over. Slik undertegnede har forstått det, så er det ennå uvisst kva som skjer med senteret etter 2023, og om drifta vert forlenga og for kor lang periode det blir. Undertegnede viser til at TCM innehar unik kompetanse og er viktig i klimakampen. For regionen og Alver kommune er dette verdfulle kompetansearbeidsplassar også med tanke på «Greenspot Mongtad». TCM treng føreseielege rammer og driftsmidler over tid for å oppretthalde aktivitet og behalde forskarkompetanse og kompetanse for øvrig. Ein ny driftsperiode etter 2023 bør minimum ha ein periode på 5 til 6 år for å skape tryggleik og føreseielegheit for å inngå bla nye kontrakter.