Skriftlig spørsmål fra Kjell Ingolf Ropstad (KrF) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:676 (2022-2023)
Innlevert: 09.12.2022
Sendt: 09.12.2022
Besvart: 16.12.2022 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Kjell Ingolf Ropstad (KrF)

Spørsmål

Kjell Ingolf Ropstad (KrF): Hvor lenge vil regjeringen vente med å prisjustere barnetrygden for den reelle prisveksten i 2023?

Begrunnelse

SSBs prognoser av 9. desember 2022 viser at konsumprisindeksen vil øke med 4,5 % i 2023 og ikke med 2,8 % slik det er lagt til grunn i statsbudsjettet for 2023. Om barnetrygden ikke prisjusteres ut i fra den reelle prisveksten for 2023, vil familiene sitte igjen med mindre penger enn i fjor. For familiene vil dette da reelt sett oppleves som et kutt.
Barnetrygden er et av de mest treffsikre tiltakene mot barnefattigdom. I en situasjon der stadig flere familier sliter med å få endene til å møtes vil det å øke barnetrygden være et åpenbart viktig grep.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Det er i avtalen om statsbudsjett for 2023 mellom regjeringspartia og SV avklart at barnetrygda skal auke i tråd med venta prisvekst neste år. Eg er nøgd med at alle satsane i barnetrygda, og ikkje berre einskilde satsar, skal auke med venta prisvekst. Satsen i den generelle barnetrygda auka noko i 2019, men det vil være fyrste gong sidan 1996 med ein såkalla prisjustering av heile ytinga. Dette er ei viktig prioritering av barnefamiliar, innanfor det regjeringa meiner er eit naudsynt stramt budsjett.
Det er finansministeren som legg fram det regjeringa ventar av prisvekst det komande året i Nasjonalbudsjettet. Det er praksis at regjeringa legg dette talet til grunn i sine budsjettforslag, og det er ikkje lagt opp til å gjere ei endring i satsane i barnetrygda som fylgje av nye rekningar for prisvekst neste år. Rekningar for prisvekst vil generelt vere usikre, og den endelege prisveksten kan være lågare eller høgare enn berekna.
Eg merker meg at representanten peiker på barnetrygda si tyding for barnefamiliar med låge inntekter, og eg vil difor vise til at prisjusteringa av barnetrygda kjem i tillegg til andre endringar i ordninga i 2023. Eg siktar då til omlegginga av støtte til einslege forsørgjarar, der vi aukar den utvida barnetrygda og avviklar særfrådraget for same gruppe. Dei som ikkje har nytta særfrådraget i dag vil få auka støtte med omlegginga. I tillegg får vi ein ytterlegare auke i utvida barnetrygd på 5 000 kroner i året som fylgje av budsjettavtalen. Frå hausten 2022 blir barnetrygda i tillegg halden utanfor utmåling av økonomisk sosialhjelp. Endringane vil til saman gjere at einslege forsørgjarar og dei med dei lågaste inntektene får meir å rutte med.
Til slutt vil eg peike på at eg har satt ned ei ekspertgruppe for barn i fattige familiar. Ekspertgruppa skal vurdere kva for tiltak som har best effekt, og korleis den offentlege innsatsen bør bli prioritert for å sikre sosial mobilitet og førebyggje at fattigdom går i arv. Tilrådingane frå ekspertgruppa skal eg og regjeringa ta med oss i det vidare arbeidet for å sikre at alle barn i Noreg har gode levekår, uavhengig av inntekta til foreldrane.