Skriftlig spørsmål fra Astrid Aarhus Byrknes (KrF) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:700 (2022-2023)
Innlevert: 12.12.2022
Sendt: 13.12.2022
Besvart: 19.12.2022 av kunnskapsminister Tonje Brenna

Astrid Aarhus Byrknes (KrF)

Spørsmål

Astrid Aarhus Byrknes (KrF): Tenkjer statsråden at denne eigenandelen bryt med gratisprinsippet i skulen?

Begrunnelse

I dag må elevar i den vidaregåande skulen med høgt fråvær dokumentere dette med ei legeerklæring.
For dei elevane som er over 16 år tilkjem det ein eigenandel for ei slik legeerklæring, og denne erklæringa er heilt naudsynt for fullføringa av skulegangen.

Tonje Brenna (A)

Svar

Tonje Brenna: Eg er oppteken av at vidaregåande opplæring skal vere like tilgjengeleg for alle, uavhengig av lommeboka til elevane eller familiane deira.
Ifølgje opplæringslova skal opplæringa i offentleg vidaregåande skole vere gratis. I lova er det presisert at dette mellom anna inneber at fylkeskommunen har ansvaret for å halde elevane med nødvendige trykte og digitale læremiddel. Elevane kan ikkje påleggjast å dekkja nokon del av utgiftene med mindre det følgjer av forskrift, eller det er individuelt utstyr som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha.
Det kan vere utgifter ved å skulle dokumentere fråvær etter forskrift til opplæringslova. Konsultasjon hos allmennlege for dei over 16 år inneber normalt ein eigendel, og nokre legekontor tek i tillegg betaling for å skriva ut attestar. Utgiftene er ikkje direkte knytte til opplæringa, og eg meiner derfor at reglane om å dokumentere fråvær som utgangspunkt ikkje bryt med gratisprinsippet. Eg understrekar at etter fråværsreglane treng ein ikkje dokumentere fråvær før ein går over grensa på 10 prosent. Elevar med fysiske eller psykiske helseutfordringar som gir økt risiko for fråvær, kan dessutan bruke eigenmelding i kombinasjon med dokumentasjon frå ein fagkyndig.
Dette er slik reglane er i dag. Eg gjer merksam på at Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å greia ut om det bør gjerast endringar i fråværsreglane i vidaregåande skole. Direktoratet er bede om å sjå utgreiinga i lys av Hurdalsplattforma, der det står at regjeringa vil betre dagens fråværsreglement slik at det blir mindre rigid og byråkratisk, meir rettferdig for elevane og legg opp til auka gjennomføring. Utgreiinga skal også innehalda ei vurdering av kva som er formålstenlege dokumentasjonskrav ved fråvær av helsegrunnar, og der vil det vera naturleg å vurdera kostnadane med å skaffa dokumentasjon. Direktoratet har fått frist til hausten 2023 med å levere ei slik utgreiing.