Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren legge fram ei oversikt over kostnadsauken i Møreaksenprosjektet med bakgrunn i at Kjerringsundet no ikkje let seg realisere eller finansiere, og at trafikkgrunnlaget også vil gå ned på Møreaksenprosjektet?
Begrunnelse
I eit spørsmål til finansministeren ang finansiering av FV-prosjektet Kjerringsundet som er tenkt bygd i samanheng med Møreaksen, vart det gjeve eit svar som konkluderar med at dette fylkesvegprosjektet ikkje er finansierbart.
Det vart gjeve tilbakemelding om at Aukra kommune ikkje har anledning til å finansiere 2 milliard kr over 20 år med framtidig eigedomskatt, såleis er dette prosjektet urealiserbart og vil ikkje kunne være sjølvfinansierande slik fylket krev. I prosjektet Møreaksen forstår eg det slik at det er tenkt brukt massa frå tunelldriving til prosjektet Kjerringsundet, og at dette no ikkje lar seg realisere. Såleis vil kostnadane for Møreaksen ytterlegare auke betydeleg, då det må utarbeidast andre alternativ for deponi, eller køyre massa til fastlandet. Takstane for køyring over Møreaksen vil sjølvsagt også måtte justerast, då det ikkje blir trafikk over eit slikt samband frå Aukra.