Skriftlig spørsmål fra Kathy Lie (SV) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:770 (2022-2023)
Innlevert: 19.12.2022
Sendt: 20.12.2022
Besvart: 04.01.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Kathy Lie (SV)

Spørsmål

Kathy Lie (SV): Agderposten har nylig i flere oppslag dokumentert at det foreligger såkalte «Brudd på bistandsplikten», fra Bufetat Sør overfor barn og ungdom under barnevernet. Konkret kan dette innebære at ungdom overlates til seg selv uten et sted å bo.
Hva vil statsråden gjøre for å skaffe seg en oversikt over omfanget, hva tenker statsråden bør iverksettes av strakstiltak for å unngå at ungdom «settes på gata», og hva vil statsråden gjøre for å sikre at Bufetat og den offentlige barneverntjenesten er godt nok rustet?

Begrunnelse

Det er gledelig at det er et flertall på Stortinget for å be regjeringen om å sikre ideelle virksomheter i barnevernet langsiktige avtaler med det offentlige og senest i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2023 legge fram en plan for å fase ut store kommersielle aktører fra barnevernet. For at dette skal fungere er vi avhengige av å bygge opp det offentlige barnevernet til å håndtere utfordringene de vil møte.
I tillegg til nevnte sak dokumentert i Agderposten har Aftenposten i en lengre dokumentarserie avslørt hvordan psykisk syke barn blir kasteballer mellom barnevern og helsevesen. Disse sakene skaper usikkerhet og bekymring om barnevernets kapasitet og kompetanse. Dette er selvfølgelig mest alvorlig for barna det gjelder, men det er også uheldig for samfunnets tillit til barnevernet.
For å sikre de mest utsatte barna er det helt nødvendig at det offentlige er godt nok skikket og utrustet til å ta hånd om disse barna, i tillegg til at den samordnende etaten har god nok kapasitet og kompetanse til å utføre dette viktige oppdraget.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Som grunngiving for spørsmål nr. 770 viser representanten òg til Aftenposten som har dokumentert at psykisk sjuke barn blir kasteballar mellom barnevern og helsevesen. Representanten meiner begge sakene skaper uvisse og bekymring om kapasiteten og kompetansen i barnevernet.
Eg deler bekymringa til representanten over dei forholda som Agderposten omtalar. Eit barn som barnevernet har overtatt omsorga for skal ikkje bli overlaten til seg sjølv utan ein stad å bu. Bufetat har plikt til å gi bistand i saker der kommunen ber om det, for å ta vare på barn i sårbare situasjonar.
Brot på bistandsplikt blir definert og avgjort av statsforvaltar etter klage frå kommunen, der kommunen klager på at den ikkje har fått forsvarleg teneste eller teneste innan rimeleg tid. Både Bufetat og kommunane kan gjere eigne vurderingar om at eit tilbod ikkje er levert i samsvar med bistandsplikten. Desse vurderingane om brot på bistandsplikten vil ikkje alltid bli registrert hos statsforvaltarane.
Bufdir får rapportering om brot på bistandsplikten kvar tertial. Per 2. tertial var det totalt rapportert om to brot på bistandsplikten frå statsforvaltar, eit frå Region øst og eit frå Region vest. Bufdir får ny rapportering for heile 2022 i samband med årsrapportering 31. januar.
Direktoratet opplyser at dei likevel er kjend med at regionane dei siste månadene har hatt større utfordringar med å oppfylle bistandsplikten, spesielt på akuttområdet, og særleg for barna som har behov for hjelp i grensesnittet mellom barnevern, psykisk helse og kriminalomsorg. Bufdir har informert meg om at Bufetat følgjer med på situasjonen, og at kommunale barnevernsleiarar, statsforvaltarar, barneverns- og helsenemnder og politiet er orientert om situasjonen.
Eg har i 2022 hatt eit møte med leiinga i Bufdir om bistandsplikten, og det er satt opp eit møte i slutten av januar for å følgje opp utviklinga i omfang av brot på denne. Eg vil i møtet be Bufdir om ein oversikt og gjennomgang av korleis bistandsplikta blir følgd opp i dei ulike regionane. Eg vil òg be Bufdir vurdere behov for nye tiltak for å hindre at barn blir overlatne til seg sjølv. Særskilt vil eg be om ei vurdering av kapasiteten og kvaliteten i akuttilboda.
Representanten spør òg om kva eg vil gjere for å sikre at Bufetat og den offentlege barnevernstenesta er godt nok rusta til å ta hand om barna, at dei har god nok kapasitet og kompetanse til å utføre det viktige oppdraget sitt, og at tenestene er samordna.
Regjeringa har mål om å styrke det offentlege barnevernet. Det er sett i verk fleire tiltak for å ruste opp det offentlege barnevernet for at både det kommunale og det statlege barnevernet skal ha kapasitet og god kompetanse til å ta hand om dei sårbare barna.
Barnevernsutvalet, som skal greie ut rettstryggleiken i alle delar av barnevernet, skal leggje fram si utgreiing våren 2023. Regjeringa har sett ned eit utval som skal greie ut institusjonsbarnevernet og føreslå naudsynte endringar i tilbodet. Utvalet vil leggje fram sin rapport hausten 2023. Tilrådinga frå begge utvala vil inngå i ei kvalitetsreform i barnevernet som regjeringa skal gjennomføre. I tillegg vil eg ha ein gjennomgang av fosterheimsområdet, for å auke kvaliteten i dette viktige området av barnevernet. Velferdstenestelovene er endra for å sikre auka samarbeid mellom velferdstenester og styrkje oppfølginga av barn og unge som har behov for samansette tenester. Tverrfagleg helsekartlegging av barn som barnevernet skal flytte ut av heimen er lovfesta.