Birgit Oline Kjerstad (SV): På Naturtoppmøtet i Montreal har Noreg, signert ei fråsegn saman med 36 andre land der ein seier at ei berekraftig forvaltning av havområda er avhengig av vitskap og kunnskap.
Kan ministeren gjere greie for korleis den raske åpningsprosessen for gruvedrift på havbotnen som som regjeringa har lagt opp til er god og ansvarlig forvaltningspraksis som følger beste praksis og føre-var prinsippet, når det ikkje eksisterer kunnskap om naturen i over 99 % av utgreiingsområdet?
Begrunnelse
Under Naturtoppmøtet i Montreal har Noreg signert ei fråsegn om eit felles krafttak for havet saman med 36 andre land. I erklæringa er det understreka at forvaltninga av havet må byggje på eit godt kunnskapsgrunnlag. Samtidig kjem det fram i media, Dagbladet Børsen 17 desember, at regjeringen har køyrt ein forhasta prosess der ein ynskjer å åpne områder i Arktis for gruvedrift på havbotnen, med tilnærmet null kunnskap om naturen der. Forskningssjef i Havforskningsinstituttet Petter Haugan seier i medieoppslaget at han er forbausa og overraska over at Norge køyrer så hardt når alle departementet sine fagetater uttrykker stor skepsis og er tilbakehaldne til å opne opp for gruvedrift på havbotnen no. Ein har lite kunnskap om naturen i over 99 % av området ein ynskjer å åpne, og leiande forskarar er tydelege på at ein ikkje har nok kunnskap til å vurdere konsekvensene av verken leiteaktivitet eller utvinning. Området som er ute på høyring er stort, har vekslande habitat og kunnskapen om det biologiske mangfaldet i området er fragmentert og med store kunnskapshol blir det sagt i høyringsinnspelet frå Senter for Dyphavsforskning i Bergen. Om lag 90 % av dei artane vi vil kunne finne i djuphavet er ikkje beskrivne i vitskapen og rapporten til OED tek ikkje omsyn til kunnskapsmangelen i fylgje forskningsleiaren. Havforskningsinstituttet er uenige med OED i at noverande kunnskap gir grunnlag for å konkludere med at leiteaktivitet vil ha minimale miljøkonsekvensar. Instituttet viser til at leiteaktivitet knytt til gruvedrift vil måtte innebere invasive aktivitetar som boring og utvinning for å kunne vurdere konsentrasjonsnivået av mineraler og metall. Avhengig av kvar aktiviteten finn stad kan undersøkingar sjølv i liten skala gjere stor skade på unike livsformer i havdjupet. Ein stor del av organismane i utgreiingsområdet er dårleg kjende, og det krevst omfattande forskning og grunnarbeid før det er mogleg å gjennomføre rutinemessig kartlegging seier UiB i sin høyringsuttale. I fylgje WWF veit vi meir om overflata å Mars og månen enn om djuphavet, og vi veit lite om kva rolle dei unike områda speler det komplekse økosystemet i havet.