Birgit Oline Kjerstad (SV): Svenske styresmakter har vore klare på at den vitskapelege vurderinga om at ulvebestanden sin bevaringsstatus frå 2015 gjeld kun den svenske bestanden.
På kva grunnlag fortsett regjeringa å hevde at det var gjort en vurdering også for den norske bestanden, og har det skjedd noen endring i politisk samarbeid mellom Norge og Sverige som gir grunnlag til å påberope seg av den svenske ulvebestanden på den måten Noreg gjer?
Begrunnelse
I fjor vedtek ministeren felling av fire ulveflokkar i ulvesonen til tross for ein tingrettsdom som tilsa at vedtaket ville vere ulovleg. Sjølv om lagmannsrettsdommen frå i år om felling av ulv er anka, er vedtak om felling på høgst usikkert juridisk grunnlag.
Den skandinaviske ulvestamma har få individ og er genetisk sårbar. Genmaterialet har også mykje større tegn på innavl enn den finske ulvestamma. Difor er det heilt ufårsteleg, både ut frå dyrevelferdsmessige og naturomsyn og ta ut fleire individ. Jakta på svensk side vart stoppa av retten og mykje tilseier at det burde vore gjort på norsk side også.