Liv Kari Eskeland (H): Planprogrammet til reguleringsplanen for E39 Stord – Os (Hordfast) er sendt over frå Samferdselsdepartementet til Kommunal- og distrikts departementet for godkjenning. Vi er kjende med at dette er grundig dokument som har vore i arbeid mellom departementa i lang tid.
Vil Statsråden ta initiativ til ei snarleg avklaring, slik at ikkje planarbeidet for dette viktige prosjektet for Vestlandet stoppar unødig opp?
Begrunnelse
For store og viktige samferdsleprosjekt er det viktig at planprosessar og planhandsaming får ei effektiv handsaming i statlege organ og departement. Vi set vår lit til at statsråden vil bidra til at prosessane går smidig, slik at ikkje det er staten sjølv som forårsaker unødige stopp i prosjekta. Rogfast er godt i gong, Svegatjørn - Rådal er ferdigstilt og opna, og det som no gjenstår er Hordfast for å knyte saman dei to store vestlandsbyane på ein effektiv måte. Skal næringslivet langs vestlandskysten kunne produsere varer og tenester effektivt, og syte for gode inntekter til landet vårt, må Hordfast på plass.