Alfred Jens Bjørlo (V): Kva konkret står i vegen for at Noreg kan regulere nettbaserte bookingbyrå og avgrense marknadsmakta til store internasjonale teknologigigantar gjennom eit forbod mot prisparitetsklausular slik mange EU-land har gjort, eller har statsråden funne ei anna løysing som vil sikre norske reiselivsbedrifter ein betre posisjon i møte med internasjonale plattformselskap?
Begrunnelse
I Hurdalsplattformen står det at regjeringa “vil sikre norske reiselivsbedrifter i møte med internasjonale plattformselskaper.” Aktørar i reiselivet som dagleg forhandlar med internasjonale plattformselskap ønskjer sterkt at dette blir følgd opp gjennom å endre regelverket knytt til plattformselskapa (OTAer/Online Travel Agents) sin praksis med prisparitetsklausular.
Statsråden skreiv i sitt førre svar til underteikna om temaet 22.09.22 at:
"Ei særregulering av klausular i den norske marknaden for digital hotellbooking bør ikkje verte gjennomført utan ei utgreiing som viser at det er trong for ei slik regulering, og at konkurranseutfordringar ved dagens bruk av vide og smale klausular ikkje kan løysast på ein mindre inngripande måte. Det er og viktig å vere sikker på at ei eventuell norsk særregulering ikkje er i strid med EØS-retten."
Eg legg til grunn at statsråden no er i gong med ei slik utgreiing. Oppgåva skulle vere overkomeleg, sidan det allereie er gjort utgreiingar av saka i mange EU-land, mellom anna eit felles prosjekt i 2015-2017 mellom EU-kommisjonen og konkurransestyresmaktene i Storbritannia, Belgia, Tsjekkia, Frankrike, Tyskland, Ungarn, Irland, Italia, Nederland og Sverige.
Statsråden erkjenner også i svaret at Frankrike, Østerrike, Portugal, Italia og Belgia alle har lover som forbyr slike paritetsklausular. Alle er EU-land som har gjort det utan å få utfordringar med EU-rett.
Videre skreiv statsråden i svaret til underteikna at statsråden er
"godt informert om dei negative konsekvensane som prisparitetsklausular fører med seg for norske reiselivsbedrifter. Eg vil framover halde god kontakt med næringa, med sikte på å finne ei hensiktsmessig løysing."
Eg er kjend med at det i etterkant av dette har vore møte mellom næringa og departementet om saka, og at næringa står fast på at det er ønskjeleg med et slikt forbud.
Dei to EU-regelverka statsråden nemner i sitt svar 22.9.2022 (DMA og VBER) vil ta lang tid å innføre i Noreg og det er i tillegg usikkert kven og kva som blir omfatta. Det er svært vanskeleg å sjå at det skal vere ei betre løysing enn at Noreg allereie no rett og slett nyttar handlingsrommet i EØS-avtalen til å innføre eit tilsvarande forbod som mange EU-land allereie har gjort, og som norsk reiseliv ønskjer.