Skriftlig spørsmål fra Bård Hoksrud (FrP) til finansministeren

Dokument nr. 15:846 (2022-2023)
Innlevert: 30.12.2022
Sendt: 02.01.2023
Rette vedkommende: Kommunal- og distriktsministeren
Besvart: 11.01.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Bård Hoksrud (FrP)

Spørsmål

Bård Hoksrud (FrP): Hva vil statsråden gjøre for å sikre at eldre og syke også skal kunne legitimere seg i nettbanken?

Begrunnelse

Flere eldre, syke og funksjonshemmede sliter med å bruke digitale banktjenester. Det gjør også mange av de pårørende som forsøker å hjelpe dem.
På Dagsrevyen den 27. desember kunne vi se et innslag om Johannes som ikke får hjulpet sin svigermor på 92 år med nettbank lenger, på grunn av et håpløst byråkrati og firkantede løsninger i bankene når kundene skal legitimere seg.
Dette er et problem for flere, også for en av de jeg har vært i kontakt med som disponerer to kontoer for sin mor og hjelper til med å betale regninger og andre utgifter. Som de fleste andre bankkunder har hans mor blitt bedt om å legitimere seg, men hun har verken gyldig pass eller sertifikat, og er for syk til å kunne møte opp fysisk i banken. Verken legeattester eller andre papirer er nok for banken. Hun får dermed ikke legitimert seg, og får heller ikke ny kodebrikke til å logge seg inn i banken med.
Det er også ulovlig å benytte noen andres kodebrikke, og sønnen kan dermed ikke hjelpe sin mor med innlogging dersom hun skulle få ny kodebrikke, til tross for at hun verken eier en smarttelefon eller en pc, og at han disponerer hennes kontoer.
Denne problemstillingen gjelder dessverre for veldig mange, og det er svært frustrerende å møte en vegg av byråkrati når man som pårørende bare vil hjelpe.
Dette føyer seg inn i rekken av tiltak som virker aldersdiskriminerende, fordi en stor andel eldre ikke har mulighet til å følge med den digitale utviklingen, og det finnes få alternativer for disse.
I innslaget på Dagsrevyen sies det at finanstilsynet ikke ønsker å stille til intervju, og at DNB selv sier at «de har gjort det de kan for at gamle og syke skal kunne legitimere seg». Det er rett og slett ikke godt nok når man ser hvilke problemer det medfører, og man bør snarest få på plass en løsning som sikrer at alle får tilgang til sine egne banktjenester, uavhengig av hvor digitalt kyndig man er.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Departementet er kjent med utfordringane representanten tek opp, utfordringar som har auka med den auka digitaliseringa. Digitalt utanforskap er eit av dei områda me jobbar med å finne gode løysingar på.
Digitaliseringa skal gi ein enklare kvardag både for innbyggjarar, næringsliv og frivillig sektor. Alle som har evne til det, skal kunne kommunisere digitalt med offentleg sektor. Vi har derfor m.a. sett i gang eit arbeid med ny eID-strategi for offentleg sektor, der vi har sett på korleis ein kan sikre tilgang til digitale tenester gjennom å sørgje for at alle har moglegheit for å skaffe seg ein eID på det tryggingsnivået dei har behov for. Like viktig er moglegheita for å la seg representere digitalt av andre dersom ein sjølv av ulike årsaker ikkje er i stand til å nytte digitale tenester. Eitt av tiltaka i strategien er derfor å greie ut ei digital fullmaktsløysing.
I behovsanalysane som vart gjorde i samband med strategien, kom det klart fram at personar som er pårørande eller verjar for eldre, hjelpetrengande eller ikkje-digitale brukarar opplever utfordringar med bruk av eID på vegner av ein annan. Mangel på gode løysingar fører til låg brukarvennlegheit for denne gruppa. Det er derfor behov for brukarvennlege digitale fullmaktsløysingar som gjer det mogleg å få tilgang til digitale tenester på vegner av ein annan brukar. I Digitaliseringsdirektoratet er det allereie sett i gang eit arbeid med eit fullmaktsregister-prosjekt (FUFINN) som skal møte dette behovet. Dette er eit trinnvist arbeid som også kan innebere behov for endringar i regelverket for verjemål.
Dei konkrete døma representanten viser til som bakgrunn for spørsmålet handlar om tilgang til banktenester. Det bør vere både ansvaret til bankane og i deira eiga interesse å sørgje for at kundane har tilgang til banktenestene. Døma representanten nemner syner at det fortsatt er ein veg å gå for å gi eit godt nok tilbod til ulike grupper. Ein BankID er personleg og skal som kjent ikkje bli nytta av ein annan person sjølv om denne personen har fått "fullmakt" til det. Mangel på løysingar fører ofte til at dette likevel skjer, noko som blir problematisk når BankID-en eller kodebrikka må fornyast eller, som i dette tilfellet, at det må gjennomførast ein re-legitimering av sjølve kundeforholdet til banken. Løysinga i eit slikt tilfelle vil vere å leggje fram ei fullmakt for banken slik at "hjelparen" kan nytte sin eigen BankID.
Eg viser ellers til Finans Norges bransjenorm om finansiell inkludering som tredde i kraft 1. november i fjor. Den har ikkje-digitale kundar og pårørande deira som målgruppe og handlar om korleis bankane skal ta omsyn til og behandle ikkje-digitale kundar og kundar som går frå å vere digitale til å bli analoge. Her heiter det m.a. at banken skal ha eit tilbod til kundar som gjer det mogleg å få kontoinformasjon, betale rekningar og overføre pengar utan hjelp av digitale løysingar, at banken skal tilby rådgiving til kundar i ein overgangsfase og at det skal vere lett å opprette ei fullmakt til ein annan person.