Skriftlig spørsmål fra Marius Arion Nilsen (FrP) til næringsministeren

Dokument nr. 15:851 (2022-2023)
Innlevert: 30.12.2022
Sendt: 02.01.2023
Rette vedkommende: Kommunal- og distriktsministeren
Besvart: 09.01.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Marius Arion Nilsen (FrP)

Spørsmål

Marius Arion Nilsen (FrP): Flere nærbutikker sliter stort med de skyhøye strømprisene. Regjeringen bevilget noen millioner til strømstøtte via Merkurprogrammet for nærbutikker siste kvartal 2022. Flere nærbutikker, som Coop Marked Storekvina, en lokal og viktig butikk for Kvinesdal og samlingssted i bygden, falt utenfor ordningen, grunnet for liten avstand til sentrum.
Kan statsråden avklare hvilke tiltak regjeringen kommer med for å sikre distriktenes næringsliv, samlingsteder og nærbutikker i 2023?

Begrunnelse

Nedleggingsspøkelset henger over mange nærbutikker og næringsliv i distriktene, grunnet skyhøye strømkostnader og tilhørende økte kostnader. Regjeringen sier de jobber for distriktene, da er det interessant å få vite hvilke tiltak som planlegges for næringsliv og nærbutikkene i distriktene.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Spørsmålet vart opphaveleg stilt til Næringsministeren, som har sendt det vidare til meg, som ansvarleg for Merkur-programmet.
I samband med budsjetthandsaminga i fjor haust løyvde Stortinget 23 mill. kroner til ei eiga, rammestyrt straumstøtte for butikkar som er med i Merkur-programmet. Merkur-butikkar er svært viktige tenesteleverandørar i sine lokalsamfunn.
Straumstøtteordninga er no etablert, og Distriktssenteret handsamar søknadar frå butikkane etter kvart som dei kjem inn.
Støtteordninga gjeld for perioden september til og med desember 2022. Regelverket er utforma slik at alle butikkar som er registrerte i Merkur-programmet sitt butikkregister, er kvalifiserte for å få ekstra straumstøtte. For å vere registrerte som Merkur-butikk må dei vere einaste daglegvarebutikk i ei bygd eller i eit avgrensa geografisk område, ligge i god avstand frå større byar og vere ein fullverdig daglegvarebutikk. COOP Marked Storekvina er registrert i Merkur-programmet sitt butikkregister.
Merkur-programmet har ei rekke andre økonomiske støtteordningar. I desse ordningane er det meir detaljerte krav til mellom anna avstand og omsetnad for å kvalifisere for økonomisk støtte. Dette gjeld ikkje for straumstøtta. Det har vore eit viktig omsyn at denne ordninga skal vere enkel å søke på, og å forvalte.
Eg er informert om at COOP Marked Storekvina har søkt om straumstøtte, og er no gjort kjend med at søknaden frå COOP Marked Storekvina er innvilga straumstøtte for den første søknadsperioden.