Skriftlig spørsmål fra Turid Kristensen (H) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:882 (2022-2023)
Innlevert: 05.01.2023
Sendt: 05.01.2023
Besvart: 17.01.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Turid Kristensen (H)

Spørsmål

Turid Kristensen (H): Det har vært mange eksempler på at ulike strømavtaler slår svært dårlig ut for forbrukerne og også at bransjen har unnlatt å informere kundene om lovfestet angrerett. Bransjen selv ser ikke ut til å ville rydde opp.
Vil statsråden ta initiativ til et møte med bransjen, sørge for at de nå tar ansvar og ev. sette i gang en utredning av mulighetene for strengere regulering og mulig forbud mot kompliserte avtaler som variable strømavtaler?

Begrunnelse

Det har vært mange saker i mediene om hvordan strømbransjen ikke er seg sitt ansvar bevisst, og både selger svært kompliserte og dyre strømavtaler som kundene vanskelig kan forstå konsekvensene av og også unnlater å gi kundene lovpålagt informasjon om angrerett.
Forbrukertilsynet har gitt bransjen klar beskjed om at kundene har krav på tilbakebetaling når de ikke har informert kundene om sin angrerett. Europower skriver at åtte av ti store strømselskaper likevel ikke vil gi tilbakebetaling, og flere selskaper har feilinformert sine kunder om rettighetene de har og kommet med feilaktige påstander om at det må betales for pliktstrøm eller at de i stedet må betale til tidligere selskap.
Kompliserte avtaler har gitt forbrukerne svært mye høyere strømregninger enn de hadde sett for seg. Forbrukerrådet har gjentatte ganger bedt strømselskapene om å kutte salget av variable avtaler. Dersom det ikke skjer så mener Forbrukerrådet at det bør vurderes forbud. Mer informasjon har blitt tilgjengelig for kundene som følge av forskriften som trådte i kraft 1. november, men dette er likevel ikke tilstrekkelig for at kunder skal kunne forstå disse kompliserte avtalene.
Strømselskaper har fremdeles kunder med variable avtaler, og selv om noen har sluttet å selge disse avtalene så er det fremdeles flere av dem som fortsetter å selge slike avtaler til nye kunder. Høyre fremmet i desember et forslag på Stortinget om at regjeringen må stille strengere krav til informasjon og også vurdere behovet for strengere reguleringer av, og ev. forbud mot, salg av variable strømavtaler. Vi ba om at dette ble gjort raskt og at det skulle meldes tilbake til Stortinget innen utgangen av januar 2023. Dette ble dessverre nedstemt av regjeringspartiene og SV.
Det er åpenbart at det er behov for at også regjeringen nå bidrar til at det blir ryddet opp. Statsminister Jonas Gahr Støre rettet gjennom NTB 4. januar en advarsel til strømselskapene om innstramminger, men han ville verken vurdere et forbud mot kompliserte avtaler eller sette en tidsfrist for når man skal konkludere på om det er behov for strengere tiltak.
Regjeringen kan ikke lenger ha en vente og se-holdning. Bransjen sliter med omdømmet og burde rydde opp selv, men når det ikke ser ut til å skje så må statsråden gripe inn.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Som forbrukarminister er eg oppteken av at det finst gode forbrukarrettar og at forbrukarane er verna mot urimeleg marknadsføring og urimelege straumavtalar. Regjeringa har vedteke ei rekkje tiltak for å bidra til ein meir forbrukarvenleg marknad for straum. I tillegg til den generelle straumstønaden og andre tiltak for å hjelpe forbrukarane med å takle dei høge straumprisane, har regjeringa gjort naudsynte regelverksendringar som gjeld for straumselskapa.
Eg har saman med olje- og energiministeren fastsett endringar i prisopplysningsforskrifta og avrekningsforskrifta. Eg har der stramma til krava til opplysningar om pris, varigheit og avtaletype og innført ei plikt til å vise til straumprisportalen (Strømpris.no) i all marknadsføring som inneheld kjøpsoppfordringar. I tillegg har eg dobla varslingstida for endring av pris eller avtalevilkår, slik at forbrukarane får betre tid til å områ seg. Reglane tok til å gjelde 1. november 2022. Føremålet med dei nye reglane er å gjere det enklare å forstå si eiga straumrekning, samanlikne eigen avtale med andre og sikre at forbrukaren får relevant informasjon. I tillegg er det i statsbudsjettet for 2023 sett av to mill. kroner for å styrkje Strømpris.no.
Reglane vil òg stramme inn variable straumavtalar, som «standard variabel» avtalane. At varslingstida blir dobla før leverandøren kan gjere endringar i pris og avtale, vil i praksis føre til at prisintervalla i desse avtalene blir forlenga tilsvarande. Det vil bidra til at avtalane blir meir føreseielege. Varslingane blir også meir synlege, sidan forbrukarane òg skal bli varsla på SMS. I følgje Forbrukarrådet har talet på straumselskap som tilbyr slike avtalar blitt redusert frå om lag 53 for eit år sidan, til om lag 15 i dag.
Reguleringsmyndigheita for energi (RME) handhevar reglane om straumfaktura, og Forbrukartilsynet rettleiar næringa og fører tilsyn med reglane om marknadsføring, prisopplysningar og avtalevilkår. Dei rapporterer om at dei har rettleia bransjen om dei nye reglane, og at dei vil kontrollere at reglane blir følgde.
Eg meiner derfor at spørsmål om marknadsføring og urimelege avtalevilkår på straummarknaden fyrst og fremst handlar om tilsyn og handheving, snarare enn eit behov for ny regulering. Forbrukartilsynet støttar dette og meiner at marknadsføringa som forbrukarane klagar på i straummarknaden, dreier seg om praksis som allereie er ulovleg.
Handhevingsorgana har eit godt samarbeid og følgjer nøye med på situasjonen i straummarknaden og dei nye regelendringane. Som eit ytterlegare tiltak har departementa gitt Forbrukartilsynet og RME i oppdrag å vurdere om det er behov for nye sanksjonsmoglegheiter i 2023. I tillegg kjem det snart eit nytt felleseuropeisk regelverk som gir Forbrukartilsynet enda sterkare sanksjonsmoglegheiter.
Forbrukartilsynet har i 2022 fatta fleire vedtak om lovbrotgebyr mot straumselskap som har brote marknadsføringslova. Eg har gitt tilsynet i oppdrag å følgje opp straummarknaden særskilt, òg i 2023. Forbrukartilsynet har rettleia bransjen om rettane forbrukarane har etter angrerettlova, og varsla tett oppfølging av dette i 2023. Dei har òg dialog med bransjeforeininga Fornybar Norge om korleis standardvilkår for straumavtalar skal sjå ut etter dei nye regleverksendringane. Forbrukartilsynet er i dialog med straumbransjen og held departementet jamleg orientert. Dersom det skulle vise seg at tiltaka vi har gjort ikkje er tilstrekkelege, er det aktuelt å vurdere enda strengare regulering. Dette kan til dømes vere krav til avtalar eller forbod mot nokre avtalar.
Eg meiner at dei nye forskriftsendringane i kombinasjon med aktiv handheving og rettleiing er godt egna til å løyse utfordringane vi har sett om marknadsføring av straum og straumavtaler. Eg følgjer forbrukarutfordringane i straummarknaden svært tett. Både eg og statsministeren har kommunisert våre forventningar til bransjen og vil gjere det igjen. Saman med olje- og energiministeren har eg òg invitert straumbransjen til eit møte, kor vi mellom anna vil be bransjen rydde opp i kritikkverdig praksis.