Sveinung Rotevatn (V): Er reglane for alkoholreklame slik å forstå at dersom privatpersonar legg ut meldingar eller bilete av enkeltprodukt i sosiale medier, og merkar produsenten i innlegga, så kan produsenten bli halden ansvarleg for brot på forbodet mot alkoholreklame?
Begrunnelse
I følgje bryggeriet Salikatt i Stavanger har Helsedirektoratet gjennom brev gjort dei merksame på at privatpersonar sin omtale av produkta deira på sosiale medier kan vere brot på forbodet mot alkoholreklame, når produsenten er merka i innlegget. "Det innebærer blant annet at privatpersoners og tredjepersoners kommentarer og bilder vil vurderes som om profileier selv har lagt det ut", jf. brevets pkt. 2.2
Dette virkar som ei urimeleg streng tolking av regelverket, som både er i strid med den allmenne rettskjensla og som vil kunne medføre eit stort meirarbeid for små produsentar som må setje av ressursar til å røkte sosiale medier. Eg ber statsråden avklare om dette er ei forståing av regelverket som departementet deler.