Alfred Jens Bjørlo (V): Kor lenge har Forsvarsdepartementet vore kjend med at eit privat firma har laga detaljerte kart over den norske sjøbotnen og seld desse vidare til russiske næringsaktørar, er forsvarsministeren einig med talspersonar for Forsvaret i at risikoen ved dette har vore «handterleg» og at det er innanfor dagens lovverk, og ser departementet grunn til å stramme inn regelverk og rutiner knytt til spreiing av tryggleikssensitiv informasjon om norsk kyst og havbotn til m.a. russiske aktørar?
Begrunnelse
NRK publiserte 31. desember 2022 ei sak der det kjem fram at eit norsk selskap har laga og selt på kommersiell basis svært detaljerte kart over norsk sjøbotn, mellom anna av havbotnen inne i Noregs største marinebase Haakonsvern. Mellom anna står 230 russiske skip på kundelista som har kjøpt tilgang til slike detaljerte data.
Ein talsperson for Forsvaret seier til NRK at fagmiljøet er samd i at dette «..i nokon grad må sjåast på som skadeleg for riket si sikkerheit», og at det er uheldig at det ikkje har vore påtala.