Liv Kari Eskeland (H): Korleis vert kostnadene staten har til ferjedrift fordelt på riksvegferjesambanda i Noreg, og korleis har fordelinga på dei enkelte riksvegsambanda endra seg etter at staten har teke større del av kostnaden?
Begrunnelse
I statsbudsjettet for 2023 er det løyvd 2,3 mrd. til drift av riksvegferjer. Dei seinare åra har fordelinga av kostnader for ferjedrift endra seg mellom staten og betalinga trafikantane har for overfarten. Dette som følgje av endringar i riksvegferjetaksregulativet og ein politikk for gratis ferjer til øysamfunn der innbyggjarane ikkje har fast vegsamband til fastlandet (der dette gjeld riksvegsamband). Dette er politiske og økonomiske grep som truleg vil endre etterspurnad til ferjetransport, og vil derfor truleg påverke tilbodssida og resultere i behov for auka frekvens, meir materiell og dermed ytterlegare kostnader. Det er derfor av interesse å avdekkje korleis den nye politikken har påverka dette allereie no, og kva prognosane er for framtidige behov.