Skriftlig spørsmål fra Hege Bae Nyholt (R) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:961 (2022-2023)
Innlevert: 11.01.2023
Sendt: 12.01.2023
Besvart: 20.01.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Hege Bae Nyholt (R)

Spørsmål

Hege Bae Nyholt (R): Er ministeren enig i at tilgangen på informasjon om forholdene i barnevernstjenestene er for knapp, og vil ministeren vurdere tiltak for at mer informasjon og statistikk, f.eks. om alvorlige hendelser i henholdsvis kommersielle, ideelle og offentlige institusjoner, offentliggjøres?

Begrunnelse

9. januar forteller Aftenposten om at 10 barn har dødd under barnevernets omsorg siden mars 2020. Kun ett av disse dødsfallene er gransket. Tematikken aftenposten skriver om er nylig aktualisert gjennom de tragiske dødsfallene til tvillingparet Mille og Mina i Spydeberg.
Artikkelen forteller videre om innholdet av det som i barnevernet klassifiseres som “alvorlige hendelser”. Det er blant annet snakk om selvmordsforsøk, brannstifting og grov vold. Aftenpostens artikler en basert på innsyn i de 200 mest alvorlige hendelsene siden mars 2020.
Avisen har tidligere kartlagt at når det kommer de barna med de mest komplekse behovene, og største utfordringene, havner 7 av 10 på institusjoner drevet av kommersielle aktører. Dette skjer i en kontekst hvor det totale antallet barn som plasseres i barnevernsinstitusjon går ned, men hvor kompleksiteten og alvorligheten i sakene til institusjonsbarna, øker. Det er slik nærliggende å anta at en flere av de alvorlige hendelsene finner sted i de kommersielle institusjonene.
Mye informasjon om enkeltsaker i barnevernet er av naturlige grunner taushetsbelagt. Samtidig er et grunnleggende problem at svært lite oversiktsdata om en av våre viktigste velferdstjenester når offentligheten. Jeg vil påstå at Aftenposten gjennom sitt grundige arbeid per i dag er den viktigste kilden til informasjon om helt sentrale forhold, slik som alvorlige hendelser og forskjellene mellom kommersielle, ideelle og statlige aktører i sektoren. Det er i seg selv et farevarsel.
Det vi vet fra SSBs heller sparsommelige barnevernsstatistikk, er at det er betydelige forskjeller mellom utviklinger i oppholdsdøgn i kommersielle, ideelle og statlige barnevernsinstitusjoner. Fra Bufdirs egne rapporter vet vi at det er forskjell mellom bemanning, arbeidsforhold og gjennomtrekk av ansatte på institusjoner etter eierforhold. Dette er relevant fordi det påvirker kvaliteten i tjenestene barna har krav på. Samtidig offentliggjøres ikke disse statistikkene jevnlig.
I kjølvannet av Aftenpostens avsløring om manglende gransking av dødsfall har ministeren selv tatt initiativ til gransking. Det er en god start. Samtidig er det altså en mangel på informasjon og kunnskap om barnevernet i storsamfunnet.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: I bakgrunnen for spørsmålet framgår det at det er alvorlege hendingar i institusjonsbarnevernet som er tematikk. Eg vil difor ta dette som utgangspunkt for spørsmålet, men eg vil òg kommentera forhold som gjeld informasjon frå dei kommunale barnevernstenestene.
Eg er opptatt av at det skal være god tilgang på informasjon om forholda i barnevernet. Eg har allereie gitt Bufdir fleire oppdrag for å få tilgang på betre statistikk. Det gjeld blant anna statistikk over politioppdrag og løypande oversikt over barn med omfattande helseutfordringar. Medieoppslag om ei rekke alvorlege saker dei siste åra om dødsfall, hyppige flyttingar, barn som bur aleine utan at det er tilsikta og andre alvorlege hendingar, kan være indikasjonar på systemsvikt som ville vore fanga opp tidlegare med betre informasjon. Difor er eg opptatt av at vi må jobba systematisk for å få på plass endå betre styringsinformasjon for å få ned risikoen for at vi ikkje fangar opp urovekkjande utviklingstrekk i sektoren.
Dei siste åra har BFD og Bufdir gjennomført fleire større kvantitative forskingsprosjekt på barnevernsfeltet om barn og unges behov og kva tiltak som blir gitt. Prosjekta har avdekka at det er manglar ved dagens statistikk- og informasjonsinnhenting frå barnevernet. Bufdir fekk i fjor i oppdrag å vurdera behovet for betre statistikk og auka tilgjengeliggjering av vesentleg statistikk og informasjon om sektorens vurderingar, tiltak og saksgang. Fristen er oktober 2023.
Bufdir har òg sett i gang to forskingsprosjekt som vert ferdig i løpet av 2023 som vil gje systematiske skildringar av ei særleg sårbar gruppe. Dette er ei oppfølgingsstudie av nytt integrert institusjonstilbod mellom barnevern og helse i regi av NTNU Samfunnsforskning og ei studie av einetiltak og rustiltak i barnevernet i regi av OsloMet.

Tilgjengelege nasjonale oversikter

Eg er samd med representanten i at tilgangen på statistikk og informasjon om forhold i barnevernet kan bli betre, og det er noko eg allereie har tatt tak i gjennom oppdrag til direktoratet. Sjølv om mest mogleg av informasjon bør vere offentleg tilgjengeleg, må vi òg ha med oss at det kan være snakk om informasjon som kan kome i konflikt med personvernomsyn.
Fagsystemet Birk er Bufetats styringssystem og har informasjon om alle barn og unge med statlege barnevernstiltak. Dette er eit godt utgangspunkt for å hente ut eit representativt og påliteleg statistisk datagrunnlag om behov relatert til helse, omsorg, skule, familie, vener og fritidsinteresser.
Alvorlege hendingar vert per i dag ikkje registrert i fagsystemet til Bufetat på ein måte som gjer at dei kan ta ut statistikk på dette. Men Bufdir og Bufetat har sidan 2020 tatt i bruk eit eige avviks- og forbetringssystem for å registrera og følgje opp alle avvik og alvorlege hendingar både i statlege og private institusjonar. Mellom anna blir dødsfall, forsøk på å ta eige liv, kidnapping, brann og særleg mistanke om seksuelle overgrep registrert. Data frå systemet kan bli aggregert til statistikk og bli knytt til informasjon om barna og institusjonen. Bufdir har beslutta at det årleg skal leggjast fram ei analyse av alvorlege hendingar. Dette vil sikre god dokumentasjon, gi grunnlag for best mogleg læring
I BiRK kan ein òg henta ut tal på barn med tvangsprotokollar som kan gje viktig informasjon for å vurdera tilstanden på ein institusjon, og ikkje minst seie noko om korleis barna har det. Denne informasjonen er tilgjengeleg i Bufdirs årsrapportar, og direktoratet vil jobba for å auka tilgangen på slike tal på nett.
Eg er elles opptatt av at vi har god informasjon om dei som bur i institusjonane og at vi har gode kjelder til systematisk informasjon. Birk er den viktigaste informasjonskjelda på individnivå. Direktoratet arbeider òg med eit oppdrag frå departementet om å utvikle og setje i verk eit system for individuell risikovurdering og - handtering som sikrar at barn på barnevernsinstitusjon blir fanga opp når vurdert risiko aukar til uakseptabelt nivå, og at det blir sett i verk tiltak. Systemet skal byggje på etablert praksis og informasjon regionane allereie samlar inn i dag.
I 2022 har Bufdir jobba med å revidera den såkalla helsefana i BiRK, for å få meir treffsikker informasjon om helsetilbodet til barn og unge i institusjon. Formålet er både å sikre oppfølging av det enkelte barns helsebehov og å kunne hente ut meir treffsikker informasjon om barnas helse. Det vil mellom anna bli mogleg å henta ut informasjon om barn som treng helsehjelp, om dei mottek helsehjelp, og kor lang tid det tar før dei får det.
Bufdir har òg gått gjennom sin registrering av skolenærvær for å få meir informasjon om årsaker til skolefråvær. Frå og med hausten 2022 har det vært mogeleg å trekkje ut statistisk informasjon om barn og unges skoledeltaking og fråvær, samt årsaker til fråvær. I 2023 vil Bufdir utvikla BiRK slik at ein får meir informasjon om korleis det går med ungdommane på institusjon og samarbeid med andre tenester.
Når det gjeld tvangsbruk og statistikk over hendingar som utløyser tvang overfor ungdom på institusjon, ligg det føre data om tvangsprotokoller i fagsystemet i dag, og desse er forbetra frå og med 2023. Data vil være viktige for å få systematisk oversikt over unge med høg risiko for alvorlege smerteuttrykk som utset seg sjølv eller andre for alvorleg fare.

Barnevernsstatistikk frå kommunane

Dei seinaste åra har det skjedd ei utvikling av den kommunale barnevernsstatistikken. Bufdir har laga eigne statistikksider som gir offentlegheita betre innsikt i tal og statistikk for barnevernet. Det er utvikla ein kommunemonitor som lar kommunane samanlikne seg med andre på sentrale indikatorar, f.eks. fristbrot og talet på tilsette per barn i tiltak. Bufdir arbeider kontinuerleg med å utvikla ny statistikk i samarbeid med SSB. I år vil direktoratet etter planen mellom anna få tilgang på informasjon om tilsette sitt kompetansenivå, årsaker til omsorgsovertakingar og flyttingar, og turnover i statleg og kommunalt barnevern.
Bufdir skal i løpet av 2023 etablera, og seinare drifte ein kunnskapsmodell basert på faste spørjeundersøkingar til ulike aktørar i barnevernssektoren, såkalla «Spørsmål til Barneverns-Norge». Hensikta er å få inn kunnskap om alvorlege hendingar og kjenneteikn ved barn og unge som er involvert i desse hendingane. Dette vil supplera informasjon Bufdir får gjennom avviks- og forbetringssystemet, samt supplera data frå fagsystema som inneheld informasjon på individnivå.
Eg vil òg nemne at eg vil gje Statens helsetilsyn i oppdrag å gå gjennom alle tilfelle der barn med tilknyting til opphald i barnevernsinstitusjon har mista livet dei siste 5 åra. Formålet vil vere å avdekkje eventuell svikt og bidra til samfunnsmessig læring og utvikling slik at liknande tragiske hendingar kan unngåast .
Eg viser også til at eg har gitt Statens helsetilsyn i oppdrag å gjere ei årleg samanstilling av tilsynserfaringane frå barnevernet med tanke på læring, og at regjeringa vil opprette ein undersøkingskommisjon for alvorlege hendingar som skjer barn. Dette vil også vere med å gi eit meir kunnskap om svikt og alvorlege hendingar som skjer i barnevernet.
Eg vil avslutningsvis seie meg einig med spørjaren i at informasjon om forholda i barneverninstitusjonane til no har vore for knapp. Eg har her gjort greie for informasjon og statistikk som no blir utarbeida, og eg vil også vurdere dette nærare framover. Eg viser også til utval som skal utgreie institusjonstilbodet i barnevernet, som skal levere sin rapport til hausten, og Barnevernutvalet som skal vurdere rettstryggleiken i alle delar av barnevernet, som skal levere sin rapport til våren.