Skriftlig spørsmål fra Sigbjørn Framnes (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:974 (2022-2023)
Innlevert: 12.01.2023
Sendt: 12.01.2023
Besvart: 19.01.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Sigbjørn Framnes (FrP)

Spørsmål

Sigbjørn Framnes (FrP): Vil ministeren sørge for at statsforvaltaren er positiv til at byggegrensa vert lagt i grensa mellom sjø og land, eller vert satt i grensa mellom reguleringsføremål bustad og andre reguleringsføremål, der det allereie er utbygd mot sjø i sone 3?

Begrunnelse

Sunnhordland består av øyer og kommuner med lang strandlinje, Sunnhordland ligg i sone 3 i retningslinjer for strandsone.
Fleire av kommunane i Sunnhordland arbeidar for tida med ny kommuneplan. I dette arbeidet er byggegrense mot sjø viktig å få på plass for dei eigedommane som ligg innafor 100-metersbeltet. Om ein skal til med mindre tiltak som leveggar, terrasse og så vidare, krevs det dispensasjon der dette skal oppførast nærare sjø enn byggegrensa. Dette medfører ekstra byråkrati og gjer det ekstra vanskeleg å ha eigedom mot sjø. Om byggegrensa vert satt i grensa mellom sjø og land, eller vert satt i grensa mellom reguleringsføremål bustad og andre reguleringsføremål, vil det vera PBL sine bestemmelsar som gjeld, utan krav til dispensasjon i mindre byggesaker.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Kommunane har som lokal planstyresmakt ansvar for å utarbeide og vedta arealdelen til kommuneplanen i samsvar med krava i plan- og bygningslova og innanfor rammene av nasjonal politikk. I planprosessane skal forholdet mellom lokale, regionale og nasjonale interesser klargjerast og vegast mot kvarandre. Dette arbeidet må skje i dialog mellom kommunane, fylkeskommunane og statlege sektorstyresmakter.
Statsforvaltarane skal følgje opp den nasjonale politikken på dei områda dei har fått ansvar, og i samsvar med mellom anna lov, forskrift, retningslinjer, rundskriv og stortingsvedtak. Eg kan ikkje gå inn i konkrete saker som departementet ikkje har til handsaming. Eg vil først ta stilling til saka dersom den går til departementet for endeleg avgjerd. Det kan skje dersom ei statleg fagstyresmakt har fremja motsegn til ein kommunal arealplan, og ikkje kjem til semje med kommunen om ei løysing. Eg har allereie gjeve statsforvaltarane tydelege signal om at lokaldemokratiet skal ha stor vekt i plansaker, og at motsegn berre skal nyttast når det er naudsynt for å sikre nasjonale og viktige regionale interesser. Dei har òg fått beskjed om å ha ein god dialog med kommunane i plansaker, og formidle nasjonal politikk så tidleg i planprosessen som mogleg. Statlege planretningslinjer for differensiert forvalting av strandsona langs sjøen blei reviderte i 2021. I prop. 1 S (2022–2023) frå Kommunal- og distriktsdepartementet heiter det at «regjeringa vil sikre ein meir differensiert forvaltning av strandsona.» I tråd med dette og gjeldande retningslinjer, skal kommunar i spreiddbygde strøk med lite utbyggingspress (sone 3 og delar av sone 2) få auka handlingsrom. I retningslinjene er det gjeve klare føringar for fastsetjing av byggjegrenser mot sjø. Eg forventar at både kommunane og statsforvaltaren følgjer opp retningslinjene.