Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram ei oversikt som syner Statens vegvesen sin forbruk og pengebruk til planleggingsmidlar i 2022, fordelt pr. riksvegprosjekt i heile landet?
Begrunnelse
Det har nå kome informasjon om at E-18 ut av Oslo blir utsatt med bakgrunn i blant anna at Statens veivesen har fått redusert sine planleggingsrammer. Dette betyr utsettelser og mindre framdrift på viktige prosjekter.
Det er også kjent at det blir brukt betydelige planleggingsressurser på veiprosjekt rundt omkring i landet, som ikkje er i posisjon til å kunne bli realisert på lang tid. Døme på dette er det ekstremt dyre ferjefri E-39 prosjektet Møreaksen, eit prosjekt for kryssing av Romsdalsfjorden for 2 300 bilar i døgnet, og som ca. 80 % av befolkninga i Møre og Romsdal slett ikkje vil ha. her bruker ein 100 mill. kr i planleggingsmidlar i 2022, utan at dette prosjektet nokon gong ser ut til å kunne bli realisert.