Ingrid Fiskaa (SV): Vil Noreg fordømma uttalen frå presidenten i Sør-Korea der han opnar for utplassering eller utvikling av eigne atomvåpen?
Begrunnelse
Presidenten i Sør-Korea Yoon Suk Yeol tok onsdag 11. januar til orde for at Sør-Korea skal plassera ut amerikanske atomvåpen på territoriet sitt eller skaffa seg eigne atomvåpen. Uttalen kom som eit svar på nord-koreanske provokasjonar. Nord-Korea har det siste året gjennomført eit titals missiltestar, noko som tyder på ei stadig meir fiendtleg haldning til land som motset seg atomvåpenprogrammet deira. Likevel er det å utplassera, motta og tileigna seg atomvåpen grove brot på Ikkjespreiingsavtalen og ei farleg eskalering som aukar sjansen for bruk.